mandag 2. november 2009

Syns du vi har fint bad?


Jada. Sånn ser det ut på vårt bad. Det e rett og slett ganske lekkert. Av den grunn har vi flytta heim til mor og far. Noke som og kan bli ganske lekkert i lengda.

onsdag 21. oktober 2009

ting eg veit... som eg ikkje alltid har visst...


* at ei ytterdør kan gjere meg lukkeleg
* at blomane mine kan leve ekstremt lenge uten vatn
* men DET kan ikkje eg
* at strikking er ikkje som sykling. Det er då det er fint med instruksjonar på youtube...
* at eg synst internasjonal fotball e heilt fantastisk gørrkjedeleg å sjå på..
* at eg har blitt avhengig av pepsi max. abstinensar..
* at hausten er mi favorittårstid (spesielt no, når ikkje regnet hamrar ned)
* at å stable ved er godt for mi psykiske helse
* eg veit at det er lett å slutte å røyke
* eg veit at det vanskeleg å ikkje starte igjen


Eg trur eg veit fleire ting. Eg kjem berre ikkje på dei no.

tirsdag 6. oktober 2009

Brrr..


Eg fryse. huset vårt er eit kuldehol....
MEN, this is about to change! Dinna veka kjem varmepumpemannen, og vi får mest sannsynlig ny ytterdør (uten 10 cm kaldluftssprekk) - og då kan ein atter få varmen i seg igjen.
Can't wait.

Ellers er livet bra. lite stressigt, men det e vel sånn det skal vere. Bånn gass på husprosjekt (kjem snart handymen og lagar nytt bad - O' SALIGE LUKKE!!!!!!!!!!!!!) og bånn gass på jobb. Skal berre komme gjennom alle foreldresamtaler no, so kan vi roe ned egga igjen. Blir nais.

Eg trur Birk fryse og...

mandag 28. september 2009

Sushi - homemade style!


Å nomnom kor ekstremt godt det var med Sushi etter gammalt! Og lett som ein plett å lage:) eg, marie og vegard kosa oss glugg i hel, det kjem til å bli gjentaking ganske snart! Nom!

tirsdag 8. september 2009

Haustfaen...

Av ein eller anna grunn gler eg meg skikkelig til det blir vinter. Det kan vere fordi den hausten her ser ut til å suge sånn vermessing.. I august regna det 27 av 31 daga.  Berre so det e sagt; eg e egentlig ikkje typen te å klage på veret, men no helde det pina meg på å tilte her... Det regna KVAR dag. Det regna HEILE dagen! Åååeeeh! Hausten skal vere knasande blad og skarp fin luft! 
Eg vel å ha trua, og satsa på at den slags ver kjem snart.. 

Idag har eg hatt plandag. Det ve sei at eg har fri frå jobb (!!!!), eller, eg har fri frå avdelinga for å jobbe med planar. Heilt ærleg, idag har eg lest 34 sider om Karlstadmodellen, skreve ei halv møteinnkalling, og prøvd å få ting til å stemme. Det ekje so enkelt so ein gjerne skulle tru.

OGso har eg fyrt i ovnen. Det e faen so kaldt.

tirsdag 1. september 2009

Huhm..

Det ser faktisk ut te at eg har slutta å røyke. Høh. Merkelig. Har egentlig ikkje gått inn for det. Men tenkte for meg sjøl her ein dag at, ditta e berre tosje. Eg kasta penga i dass, eg ødelegge lungene mine, og for å vere heilt ærleg, det e faktisk ikkje so godt... Jeez... Eg prøva å la vere å tenke på kor mykje penge eg har kasta vekk på det her, heller rose meg sjøl for at eg har slutta no. Jada.
Det verste e at det e LETT. Eg har ikkje lyst på røyk ein gong. Ikkje ein gong i lag med øl eller vin. Det gjer at eg må sparke meg litt i foten for at eg ikkje har gjort det før.

Ellers e eg litt forbanna på bankdama. Vi skal fikse opp badet vårt, men ho skulle no vere sooo grådig gneten på pengane. Kjerringpakk. Håpa ho snart frå ræva i gir og gjer oss pengane våre. Badet blir forresten heilt superb. Oh my god liksom. 

ogso har grey's anatomy starta igjen. Eg er lukkeleg.

tirsdag 4. august 2009

Det her......


....... Er ein vakker hund!

onsdag 29. juli 2009

Sånn går det....


Når Trude stjeler mobilen min og tek Mongoapebilde av seg sjølv:)

torsdag 9. juli 2009

Hagen frå himmelen .


Ja. Sånn utsikt har eg altså frå hagen min. Ikkje akkurat ilt. Tvert i mot ganske flottesen! Her vil eg bygge og her vil eg bu! Sånn flaks at det e AKKURAT det eg gjer:)

Til topps!


Idag gjekk eg, pappa, odd helge, marie og birk til topps på kvamsfjellet! Allereie i første bakken bestemte eg og marie oss for å slutte å røyke. Det første vi gjorde på toppen var å ta ein røyk. Jada. Stupid, eg veit. Men sånn går no dagane! På veg nedatt fekk birk ferten av eit spor, og forsvann nedover lia. Etter ein halvtimes tid kom han tilbake, med tunge steg og tunga som slips. Vi måtte sitte i 20minutt før han pusta normalt igjen. Kanskje han burde slutte å røyke og?

onsdag 8. juli 2009

Paradis på jord


Knallstart på ferien! Rett på hytta med sekken full av øl, vin, grillbein og godt humør. Birk sto for underholdningen, eg tok meg av avslappinga. Ubeskrivelig deilig å gjere INGENTING noken daga, og i tillegg bli brun og blid. Kan man ønske meeeer??

torsdag 2. juli 2009

Ålhus på sitt beste.


Jada. Ein ettermiddag i juni, vi holdt på å rive ripsen ut av hagen. Vi hadde besøk av jensenungane, og det var gubben og gamla låg og drog for alle penga. Ripsbuskene var frå hine hårde dager og ganske umulige å få opp, så vi følte behov for ein pause. Då høyre vi med eitt ei helsikkas kauking, vill breking, klakkande klovar mot asfalten og generell kakafoni. Vi blir sjølvsagt nysgjerrige og går framom huset for å sjå. Jada. Full panikk blant 30-40 saua som spring midt i vegen. Ei dame med ei bøtte med fór og ei fløyte(?!)som jagar dei bortover E39. Smart. Etter dama kjem det ein mann som slit med å springe, ein mann med sauehund i band, som slit med å henge på, etterfulgt av fire lam som skvette oppover hegrenesåsen. Neida. vi stilte oss ikkje opp langs hekken og såg på ditta og lo. Slettes ei. Det ville vi aldri ha gjort. Det beste var når dei hadde komt seg ut av hovedvegen og inn på gangvegen so tok dei likegodt og sprang same vegen tilbake. Eehh.. Va det joggetur? Trening til dei skal flytte sauen på ordentlig? Ikkje veit eg, but it made my day!

søndag 28. juni 2009

Utsikt frå husmønet


Dinna helga har gått med vil bytte av kledning på vårt vakre hus. Rimelig høgt å stå i toppen av stillaset, godt skjelven i barten då! Men dæven so bra det blir:)

onsdag 24. juni 2009

Meine schwester


10.juni var det tid for Bruce i Bergen. Heilt maks konge! Vi sto ganske langt framme, godt nøgde med det! Det einaste so va litt tosje va all ståinga før sjølve kongen kom på scena. Siren visste rad og las heile BA For meg, etterfulgt av quiz etter kvar artikkel for å sjekke om eg fulgte med. Jada. Til og med teikneseriane blei lest høgt, men utan at eg fekk sjå bilda. Maks pluss!

onsdag 17. juni 2009

Sia sist...

Har tatt meg fullstendig datapause etter levering av masteroppgåva. Og guuu' dailig:) Men no rykke det i bloggemusklane, så I'm back.. 
Jah. Altså. Oppgåva er levert, bestått og hurra! Vi fekk C. Superfornøgd! Samstundes litt irriterande, for viss vi hadde jobba frå starten av kunne vi jo faktisk klart ganske mykje betre. Men, det blei som det blei, eg e berre overlykkeleg for at det er over! No er det full kons på jobb (noke som virkelig trengs!!), på Vegard og hus. Flott:)
Har sia sist vore på Bruuuuce i Bergen. Konge. Heilt fantastisk utruleg bra! Det svinga av den (gamle) mannen! Har vore på personalfest, hatt jentekveld i (vin)terhagen, kombaya for ein stemning;) Vi har hatt besøk, vore på hyttetur, og virkelig berre nytt at livet no er godt igjen. Herleg. Eg er ei lukkeleg sjel!

No er det suumarferie, iallefall føles det sånn sidan oppgåva er levert. At eg har starta å jobbe 100% føles berre so ferie, sommar, is og pølser:D

Shalom og takk for no. (litt rusten i skrivefingrane gitt;))

søndag 17. mai 2009

Bekymringslaus.....



Natursti i skogen, med Elias og Lukas. Nydeleg og bekymringslaust.
No er det berre dagar igjen av masterhelvetet.. Eg gler meg soooo sanselaust til den perioden her er over. Eg skal aldri, aldri, aldri, aldri ta noke videre- eller etterutdanning. Det her helde lenge for meg!!!
No skal vi berre gutse på dei siste dagane, og håpe at det går... Høhø. 

Og ja, eg er klar over at det er 17.mai idag.. Who gives a rats ass??? Eg ekje soo begeistra for svære folkemengder, bunad, pølser og is, so det ekje noke stort tap å sitte inne og skrive idag.... Høh.. HØHØHØ!!!!!

tirsdag 5. mai 2009

Faen. Rett og slett FAEN!

Jada. Det gikk som det måtte gå. Veilederen vår tvila på at vi klara å levere i tide. Ågudihimmelenegklikkaaaaa...! Skal til oslo på fredag og legge en kriseplan, for vi MÅ, SKAL OG VIL levere no i mai. Tanken på å ha det hengande over meg eit halvt år til gir meg skjelvingar og brekningsfornemmelsar.. ORKA det berre ikkje...

Har gått i ein depresjonsdøs i heile dag, det føles som om alt har rakna det siste døgnet. Men, når eg tenke meg om so e det jo ikkje soooooooo big deal. Det e berre ei oppgåve. Mange må utsette levering. Det e berre det at eg VIL ikkje det... Åååeee....

får gi det en sjanse.... En siste innspurt. Går det ikkje, så går det ikkje. Det e jo igrunn det alle spådde.. Og eg har lyst å motbevise det.. Så.. Here goes nothing. Absofuckinglutely NOTHING.

Lykke til.

mandag 27. april 2009

Vakre jølst.....


                                             Nett so Astrup sjøl ville ha gjort det, om han hadde 
                                             hatt kamera for hand...



                                             Kaffi må ein ha....



søndag 19. april 2009

pure boredom!

99 sannheter: 
1. Siste du drakk -  bris, mango og papaya. Sommarsmak i flaske!
2. Siste telefonsamtale - Vegard
3. Siste mottatte sms - Maren
4. Siste sangen du hørte på? - working on the Highway, the Boss. Høyre den MINST ein gong om dagen. 
5. Sist du gråt ? Huhm... Wæææ.. Kan faktisk ikkje hugse det... Sikkert ein gong eg såg home and away og noken dødde... :D
dette året: 

15. Har du fått nye venner i år? - tja, tjei.. nei.. det vekje eg påstå 

16. Sluttet å være forelsket? -  overhodet ikkje! 

17. Ledd til du har begynt å gråte? - Haha, ja lett! 

18. Møtt noen som har forandret deg? - Neeee, men eg håpa eg har utvikla meg.. 

19. Funnet ut hvem dine virkelige venner er? DET har eg visst lenge... 

20. Funnet ut at noen har snakket om deg bak din rygg? - hehe, jepsipepsi.

 21. Kysset noen fra din top friends liste? - Vegard vel:) 

sannhet: 23. Hvor mange barn vil du ha? -  2, til nøøøden tre. Men då e det stopp!

24. Har du kjæledyr? - Ja, av ymse art igrunn. Ser dessuten på Birk som litt min og..

 25. Vil du forandre navnet ditt? - Nei det trur eg ikkje.... Tiltak å finne nytt!

 26. Hvordan feiret du din siste bursdag? - Vegard tok meg med på fancy fransk restaurant, so kom Håvard og Annette på besøk ittepå:)

27. Når våknet du i dag? - 07.35

28. Hva gjorde du midnatt i går? - Skravla med Marianne

 29. Nevn noe du IKKE kan vente på? - Bli ferdig med masteren!!!

 30. Sist gang du så pappan din? - Søndag

 31. Hva ville du forandra i livet ditt? -  hmmm.. Ikkje mykje faktisk! Har det fortreffelig bra! (viss ein ser vekk frå masteren sjølvsagt!

32. Hva hører du på akkurat nå? - tv2nyhetene

 34. Hva går deg på nervene akkurat nå? - den her forbaska oppgava vel!!!!!

 36. Hva er ditt virkelige navn? - Sasha Gabor

 37. Sivilstatus? - Forlova

  38. Stjernetegn? - Tvilling

 39. Gutt eller jente? - Jente 

40. Barneskole? - Vassenden barne og ungdomsskule

 41. Ungdomskole? - mykje det samme som forrige spm...

 42. Videregående? - Hafstad vgs

 43. Hår farge? - Brunt¨

 44. Langt eller kort? - Sånn ca midt i mellom

 45. Høyde ? -169 cm o

 46. Er du betatt av noen? - jaaa. Vegard e fin

 48. Piercinger? -Eg har hol i øyra, det tok meg 25 å tore det, so det helde;)

 49. Tattovering? - Nei, men skal ha 

50. Høyre eller venstre hendt? - Høgre

akkurat nå: 

61. Spiser ? Ingenting 

62. Drikker - Pepsi max sjølvsagt

 63. Nå skal jeg ? Fortsette å analysere det her helvetet!

 64. Hører på ? Tven

 65. Venter på ? at det skal bli fredag og helg.....  

fremtiden min: 

66. Lyst på barn? - Ja

 67. Lyst til å gifte deg? - Ja 

hva er best med det motsatte kjønn: 

69. Lepper eller øyne - Alt på Vegard e fint:D

70. Kyss eller klem ? Kyss  .... Eller.. ja takk begge deler!

71. Høyere eller lavere ? Høgare! 

72. Eldre eller yngre ? Eldre 

 73. Romantisk eller spontan - God blanding... Ja takk begge deler igjen...

74. Fin mage eller fine armer ? Mage 

75. Tattovering eller piercing - Vegard har begge deler han:)

 76. Voldsom eller forsiktig ? God blanding 

77. Forhold eller bare lek ? Forhold. 

78. Bråkmaker eller tilbakeholden ? Den gyldne mellomveg!





har du noensinne:

79. Kysset en fremmed - Ja.

80. Drukket sterk alkohol ? Ja

 81. Mista brillene/linsene - Nei 

82. Sex på første date - Nei, fysj!

 83. Knust noens hjerte ? Ja 

84. Fått ditt eget hjerte knust?  - Oh yeah...

 85. Blitt arrestert? - Nei 

86. Takket nei til en invitasjon til date -  Ja 

87. Grått når noen har dødd - Ja 

88. Likt en venn som er gutt? - Nei det trur eg faktisk ikkje...

tror du på:  

89. Deg selv ? - Delvis 

90. Mirakler ? - Hm, nei 

91. Kjærlighet ved førtse blikk - Nei igrunn ikkje.. Trur på å bli betatt ved første augekast, men kjærleik stikke litt djupare

 92. Himmelen - altso. Himmelen ser ein jo kvar dag. Men om det e noke meir der.. Vel.. Ka veit eg....??? Eg e berre ein enkel vestlending

 93. Nissen - JA!

 94. Kyssing på første date - Ja 

95. Engler ? Tja og ha.. Som sagt, eg veit forbausande lite om sånt..

 svar helt ærlig: 

96. Er det en person du har lyst til å være sammen med akkurat nå? Ja, og eg e ilag med han og:)

 97. Hatt mer enn en kjæreste av gangen? - Nei 

98. Tror du det er mulig og være trofast for alltid ? - Ja 

99. Hva er den ene tingen du ikke kan leve uten - Folk. Venna, kjæresten min, familien min... gull verdt og uten dei e eg ingenting...

Frustrasjooon....

Ting går ikkje heilt min veg for tida... Og eg kan kun skulde meg sjøl. Det e kanskje det verste med heile greia... Ser berre ikkje enden på oppgåva - fatta ikkje at det skal vere fysisk muuuleg å bli ferdig med den i tide. Irriterande.. 
Eg veit eg burde sitte pal, dag ut og dag inn, og eg prøvar verkeleg å gjere det og. Men ein når eit metningspunkt der både kropp og sjel rett og slett ikkje klara meir. Då er det godt å berre ta fri noken tima. Igår var eg og Vegard noken tima på verandaen te mamma og pappa. (Dvs, eg satt på ræva der, mens Vegard hjalp pappa med ved.) Det gjorde godt. Berre fjasa og kjasa og gjorde absolutt ingenting konstruktivt. Trur det trengs. Idag derimot, har eg fått gjort litt meir. Og godt er det.... Har sendt eit utkast av mitt foreløpige metodekapittel te veileder, so får eg vel dommen på den imåra ein gong. Og viss han seie eg e heilt på viddene... då... då.. Ååååee.. Då klikka eg sannsynligvis fullstendig i vinkel. Den tid den sorg. No venta eg på at laksefiletane skal bli ferdige so eg og Vegard kan rigge oss te med ein real fotballkveld. Heia brann! Hah, apropos! Det fins jaggu Brannbrød. Det skal eg kjøpe. Det såg ikkje godt ut, men posen var fin:D
Takk for meg og unnskyld broren min!!!!!!

mandag 13. april 2009

Glad Påske!

Å du nydelege påske midtoppå fjellet! Vi har hatt det heilt knallaktig! Strålande sol mesteparten av tida, lange fine skiturar, kort, ludo, tp, uno speling til langt på kveld og masse, masse søvn. Herleg. Deilig. Sjelden har ein ferie vore so etterlengta og levd so masse opp til forventingane sine. Ëlias e verdens søtaste lille gut. "Tante Katrin, du er den snilleste tanta i hele verden." Å jada! Blir jo pika rørt til tårene av dissa små gutane:)

Men no er påska over, og alvoret har truffe meg som ei slegge midt i panna. Auch. Eg og Marianne sliiihiiihiiite sånn mastermessig... Vi var på veiledning før påske. Veilederen vår seie; Dere tenker å levere i november? Vi; neinei, vi skal levere i mai! Veileder; Åh, åh....
Vi gjer oss ikkje so lett! Vi har lagt ein plan, og den skal vi pinadegen følge. OG vi skal klare det. Vi skal levere i mai. Og vi skal stå på den. Såh. Det. Såh...

Og med dei orda skrider eg til verket. Takk for meg.

torsdag 5. mars 2009

VÅR!

Det føles veldig som om det er vår no. Det minner meg og "gode, gamle" dager. Då mamma lot meg gå med dongerijakke og mine dritakule converseetterligningar - sykkelen kom fram og Langhaugane yra av elleville vårbarn. Ista gjekk eg og henta posten, og då tok eg på meg mine (no ekte) Conversesko og vårjakka mi - berre for å få feelingen. Lukke!
Eg har vel ei viss aning om at våren ikkje e komt for alvor, etter 20 år med fast bustad på vestlandet har eg lært at veret skiftar fortare enn ein rekk å sei "steikjedeg", men likevel. Eg vel å nyte det mens eg kan!

Bildet viser Marianne og meg, ifjor vår. Vi las te eksamen i graset utanfor Georg Sverdrups hus på Blindern, det va ganske fint. Våren i Oslo er fin. Fordi den er ganske lik sommaren på vestlandet. Dog litt meir stabil. Men akk, kor eg gler meg til å oppleve alle vårteikn her i min eigen vesle hage. Det blir kjekt når snøen smeltar, og vi kan gå tørrskodde over steinhellene, når det plutseleg dukkar opp blomar og grønt gras. Ja, det bli fint du!

Idag e det torsdag, min sokalla masterdag. Jepp. So langt har eg ringt TV-mannen (vi har vore uten NRK nokre veker), skreve ein lang kjeftemail til Netcom og fyrt i ovnen (stemmer det, det ekje heeeilt vår endå...) Men igår fekk vi brevet vi har venta på, NSD har godkjent prosjektet vårt, so no e det pika berre å gyve laust. Blir spennande, travelt, slitsomt og forhåpentligvis gjennomførbart. Etter veka i Oslo med våre geniaaale veiledar fekk vi litt trua igjen. Eg ler meg i hel om klare å fullføre det her. Det va det INGEN so hadde trudd på førehand iallefall. Meg og Marianne liksom. Skippertaksguruane skrive master ilag. Yeah! Right! 
Vel, eg skakje bjynde å skryte over at det e i boks endå, gudane veit ka slags utfordringa so ligge framfor oss.

Men no, når våren er her følast alt mulig! 
Best å komme i gang:)

onsdag 4. mars 2009

Utfordring

1.Åpne bildemappa eller det stedet du lagrer bilder på datamaskinen

2.Finn den sjette undermappa

3.Velg det sjette bildet

4.Publiser det (på en blogg eller annet egnet medium)
5.Skriv litt om bildet

Ditta bildet stammar frå forrige vår, då eg planla utdrikningslaget til Silje. Dinna tskjorta måtte ho gå med heile dagen. Kledelig sak!



Gjensynsglede!

Fredag kom Vegard til austlandet. Eg, Elias og Lukas troppa opp på Gardermoen for å hente verdens beste kjæreste og onkel. Elias og Lukas hadde ikkje vore på flyplass før, så vi var tidleg ute slik at vi kunne kikke på fly og ta heis med vindu i:) Lukas oppdaga flytoga, og då var han solgt! Stoooor stas.
Sååååååå kom endelig Vegard, og eg kjørte tilbake til svigers med dei tre blidaste gutane i verden. Dei to små sovna før vi var halvvegs, tar på å oppleve intens glede:)
Helga var strålande bra. Vi var med gutta nesten heile tida, og det var berre kos. No gler vi oss til påske! Sju dagar på bortoverskihytta(pappa sitt navn på hytte på fjellet der det ikkje e umiddelbar tilgang på alpinsenter) med heile gjengen - det blir kjeeeeheeekt! 

Idag har eg onsdagsmorrablues. Har seinvakt på onsdaga, men eg e likevel so trøtt dei dagane at det ekje mulig. Og no har eg dårlig tid. ai ai! Sayonara!

mandag 23. februar 2009

Oslo..


No er eg tilbake i Tigerstaden - dog berre for ein kort periode. Kjørte over fjellet aleine igår, meg og Spacern on the road again! Jaggu glad eg fekk lagt om te piggdekk, for hadde eg kjørt på dei gamle piggfrie so hadde eg ikkje komt meg levande ned te gol. So puh for det:)
Då eg kom fram te Oslo, seint søndagskvelden oppdaga eg jo at heile byen e nedsnødd. Serioost. Der va masse ledige parkeringsplassa, problemet va berre at dei va dekka med halvanna meter snø. Men med hjelp av Marianne og henna hyggelige sambuarar fekk vi måka gliset mitt opp i ei snøfonn - satsa på å unngå bot!

Skal vere her i storbydn te fredag ca. Då kjem Vegard og vi skal tilbringe helga ilag med verdens beste Elias og Lukas. Gler meg stort til det. Det e det kjipaste med å ha flytta vestover, vi ser gutane alt for lite. Nesten redde dei ska gløyme oss. Men vi prata jo med dei på telefonen av og te, og det verka so dei framleis har ein ide om ken vi e. Gøtt e det!

Imåra e det Blindern som står for tur. Veiledning... Dattatataaaaaa.... (sånn skummel skjebnesymfoniaktig lyd) Det blir skummelt. Redd vi blir slakta og utskjelt for for dårleg arbeidsinnsats. Som for so vidt stemme på ein prikk - men dog - ikkje noke vi har lyst å høyre.. 
Eg har uansett eit lyspunkt å halde fast i om det blir for mørkt; Sushi med Herlege Hanna. Det gler eg meg til. Mest. Sushi e godt og Hanna e bra. Det kan ikkje bli feil det!

onsdag 18. februar 2009

Huhei kor det går!

 
NO fyke tia forbi her. Dagane og vekene går so fort at det e nesten te å bli svimmel av. Ein dag e det mandag, dagen itte e det fredag. Sånn føles det! Har alltid ein heil mengde med ting eg må gjere, og ein stooor del av ditta bli aldri gjort.. Ehheee.. Eg har nok ein del å hente på sjølvdisiplin.. 
MEN, sånn har eg jo alltid vore. Og eg har alltid komt i mål.. Sjølv om eg kanskje burde stikke fingeren i jorda og innrømme at eg ALDRIALDRIALDRI har hatt så masse å gjere før. Det ekje berreberre å kombinere ped.leiar jobben, oppussinga, vedhogging og masterskriving. Og MERKELIG nok so e det den siste delen der som alltid blir nedprioritert. Smart. Kjempesmart. Gaaah.....!!!!!
Velvel.. Imåra e ein ny dag! Kine kjem opp her og vi skal ha studiedag ilag. Hipphipp! Eg gler meg. Kine e so kjekk og koslig:) Vi skal studere, lage oss deilig lunsj, so skal vi inn i Ålhusdalen og leike med hestane til IngerJohanne. Det blir ein so fantastisk god dag det:)

tirsdag 3. februar 2009

Hoho, folk altså!

Som Kine ville sagt; FOLK ALTSÅ! kom over ei side på nettet med ein del fantastiske kjendissitat. E DET FAKTISK MULIG?!?

ENJOY!


»
Jeg vil at Brooklyn skal døpes kristent, men foreløpig vet jeg ikke hvilken religion! David Beckham

»
Jeg har ti par treningssko. En for hver dag i uken. Samantha Fox

»
Jeg er tilhenger av dødsstraff. Om man begår en forbrytelse, må man få en passende straff. På den måten får man en lærepenge til neste gang. Britney Spears

»
Hver gang jeg ser barn som sulter på TV, så kan jeg ikke la være og gråte. Jeg mener, jeg vil jo veldig gjerne være så tynn, men uten alle de fluene og død og sånn. Mariah Carey

» Jeg blir ikke fornærmet av dumme blondinevitser, fordi jeg vet at jeg ikke er dum. Jeg vet også at jeg ikke er blond. Dolly Parton

"Jeg har sagt det tusen ganger før, og nå sier jeg det for tredje og siste gang" - Kjell Magne Bondevik


fredag 30. januar 2009

Helg!


Det e so fantastisk godt med helg.
Har ikkje hatt sånn godfeeling på helg på mange herrens år. Har liksom alltid jobba helg. Men no, no når eg har fri i helgene, so e fredag blitt eit ord som blir etterfulgt av magisk klimpremusikk og nydelege indre bilder. Sofa. Film. Vegard. Det e herlig!
Dinna helga skal vi berre hente sofa, fikse oppvaskmaskin og få på døra på dusjkabinettet. Hah. Det e ingenting!

søndag 25. januar 2009

Kaffi er god vin!

Som bestefar ville sagt.
Idag har det blitt noken koppa. Som ei slags opplading til lesing og skriving på masternivå. Det vart med koppane igrunn.. Søndaga e jo so stappfulle av viktig sport eg må sjå. Og dessuten e eg so inderleg trøtt og sleten. Åååå, ditta arbeidslivet tar på. Gje meg ein søndag te, so e eg klar! Eg lova.
Eg e dessuten litt nervøs for imåratidleg. Eg, SVIMETE eg, har fått ansvar for å bestille Bruce Springsteen billetta til ein heil gjeng... eg føle det e som eit stort og tyngjande ansvar. Tenk om eg forsøve meg? Tenk om eg trykke feil? Tenk om eg berre får tak i to billetta?? Å gud. Presset blir for stort. Eg trur eg skal både ringe og bestille på nett. Då e jaffal oddsa LITT beire... Eller...??? Bildet e frå konserten på Valle Hovin i fjor sommar. Tre tima kongeleg rocking frå the BOSS. Det va jaggu konge. I år skal han spele på Koengen i Bergen. Eg må sei eg må gje han kudos for å ha konsertane sine i dei delane av norge som eg befinne meg i. Bra Bruce!

Saken e biff. Eg må få te å bestille dei billettane. Ferdig snakka.

fredag 23. januar 2009

Ah. Internett!

Endelig. Internett i heimen. Aaaah, for ein lettelse! Sleppe å reise ned te mamma før jobb å betale rekningane so hopa seg opp. Flott. No e ting litt på stell igjen!

Huset vårt e fint. Vi kosa oss her! Stuene og kjøkkenet e ferdig, no gjenstår berre dei andre ti-tolv romma i huset. Det tar vi på sikt!

Jobben e bra. Bedre. Best. Eg stooortrivast! Ungane e så bra! Eg tilbringe fortsatt dagane med å le. Og kjefte litt sjølvsagt. Gjelde å finne den gyldne middelveg..

No e det fredagsettermiddag, halleluja! Eg skal lage thaigryte til middag, kokosmelk e jaggu en bra ingrediens! God helg te alt gøttfølk!!

torsdag 8. januar 2009

Happy new house! And year..

Allright. Eg e på nett igjen. Men berre for ein liten halvtime. Det e so utruleg fantastisk upraktisk å ikkje ha nett i huset endå. Men idag tok eg grep, ringde Enivest og sette dei på saken. Jepp!
Torsdag idag. Torsdag e min master/fiksealtsommåfiksast dag. Det vil sei at torsdag er egentlig ein travlare dag enn vanlege dagar. Men sånn e det no berre. Måtte ned te mamma og komme meg på nett, fordi eg måtte sende og hente noke masteropplegg. Praktisk. Veldig praktisk.

Ellers e livet godt! Den nye jobben e konge! Haha, gullkorn på gullkorn ramla ut av munnen på ungane, det e faen meg vittig. Den hittil beste:
"Ka heite du?"
"Katrin."
Stillheit.... "Menneh du.. Eg slite litt med l(r)'en, kan eg kalle deg Line?"

Haha!!!!!!!!!!! Kor utrulig vittig kan ein igrunn bli?!?!?

Eg må komme meg vidare her i verden
Live long and prosper!

Hanna!!! Adressa mi e Ålhus, 6847 Waterend! -mail me up!