onsdag 4. mars 2009

Gjensynsglede!

Fredag kom Vegard til austlandet. Eg, Elias og Lukas troppa opp på Gardermoen for å hente verdens beste kjæreste og onkel. Elias og Lukas hadde ikkje vore på flyplass før, så vi var tidleg ute slik at vi kunne kikke på fly og ta heis med vindu i:) Lukas oppdaga flytoga, og då var han solgt! Stoooor stas.
Sååååååå kom endelig Vegard, og eg kjørte tilbake til svigers med dei tre blidaste gutane i verden. Dei to små sovna før vi var halvvegs, tar på å oppleve intens glede:)
Helga var strålande bra. Vi var med gutta nesten heile tida, og det var berre kos. No gler vi oss til påske! Sju dagar på bortoverskihytta(pappa sitt navn på hytte på fjellet der det ikkje e umiddelbar tilgang på alpinsenter) med heile gjengen - det blir kjeeeeheeekt! 

Idag har eg onsdagsmorrablues. Har seinvakt på onsdaga, men eg e likevel so trøtt dei dagane at det ekje mulig. Og no har eg dårlig tid. ai ai! Sayonara!

Ingen kommentarer: