søndag 19. april 2009

Frustrasjooon....

Ting går ikkje heilt min veg for tida... Og eg kan kun skulde meg sjøl. Det e kanskje det verste med heile greia... Ser berre ikkje enden på oppgåva - fatta ikkje at det skal vere fysisk muuuleg å bli ferdig med den i tide. Irriterande.. 
Eg veit eg burde sitte pal, dag ut og dag inn, og eg prøvar verkeleg å gjere det og. Men ein når eit metningspunkt der både kropp og sjel rett og slett ikkje klara meir. Då er det godt å berre ta fri noken tima. Igår var eg og Vegard noken tima på verandaen te mamma og pappa. (Dvs, eg satt på ræva der, mens Vegard hjalp pappa med ved.) Det gjorde godt. Berre fjasa og kjasa og gjorde absolutt ingenting konstruktivt. Trur det trengs. Idag derimot, har eg fått gjort litt meir. Og godt er det.... Har sendt eit utkast av mitt foreløpige metodekapittel te veileder, so får eg vel dommen på den imåra ein gong. Og viss han seie eg e heilt på viddene... då... då.. Ååååee.. Då klikka eg sannsynligvis fullstendig i vinkel. Den tid den sorg. No venta eg på at laksefiletane skal bli ferdige so eg og Vegard kan rigge oss te med ein real fotballkveld. Heia brann! Hah, apropos! Det fins jaggu Brannbrød. Det skal eg kjøpe. Det såg ikkje godt ut, men posen var fin:D
Takk for meg og unnskyld broren min!!!!!!

Ingen kommentarer: