tirsdag 1. september 2009

Huhm..

Det ser faktisk ut te at eg har slutta å røyke. Høh. Merkelig. Har egentlig ikkje gått inn for det. Men tenkte for meg sjøl her ein dag at, ditta e berre tosje. Eg kasta penga i dass, eg ødelegge lungene mine, og for å vere heilt ærleg, det e faktisk ikkje so godt... Jeez... Eg prøva å la vere å tenke på kor mykje penge eg har kasta vekk på det her, heller rose meg sjøl for at eg har slutta no. Jada.
Det verste e at det e LETT. Eg har ikkje lyst på røyk ein gong. Ikkje ein gong i lag med øl eller vin. Det gjer at eg må sparke meg litt i foten for at eg ikkje har gjort det før.

Ellers e eg litt forbanna på bankdama. Vi skal fikse opp badet vårt, men ho skulle no vere sooo grådig gneten på pengane. Kjerringpakk. Håpa ho snart frå ræva i gir og gjer oss pengane våre. Badet blir forresten heilt superb. Oh my god liksom. 

ogso har grey's anatomy starta igjen. Eg er lukkeleg.

1 kommentar:

Hanna sa...

Hurra!
Og Gratulerer! :D
....røykebudsjettet kan bakast inn i det nye badet?
Gleda meg til å komme og sjå neste gang eg er heime. Det er kanskje ikkje ferdig til jul?