onsdag 29. oktober 2008

Eit par snøfnugg i Oslo....


Idag våkna eg til eit par millimeter med snø i Oslo. Det var ganske fint den første timen... So går det saakte over i slaps og generell unødvendig nedbør.
Eg har budd her i Oslo i snart fem år.. Og det slår ikkje feil.. Kvart år når den første snøen fell, blir det fullstendig kaos. Kollektivtrafikken kollapsa, og ein ser sju-åtte bila so har kjørt av veien. Eg forstår det ikkje. Kan det komme som eit so stort sjokk? Media har jo grundig informert oss om at det skulle bli snø idag. Likevel ser det ut til at sjokket e like stort kvar gong. Alt rakna. Folk blir forsinka, viss dei i det heile tatt dukka opp.
Som det kanskje kan merkast her; det irritera meg! Vi bur i NOREG for pokker. Her snør det! Get used to it!

Ikkje nok med berre det; når ein e ferdig på skulen og ska heim, har det fine kvite teppet gått over til søl og slaps overalt. Oslo ekje bygd for nedbør. Eg har budd på Jølster og i Bergen, to av dei mest regnfulle plassane i Noreg, likevel e det her eg blir våt på beina, ikkje heime. Argh.
Eg e glad vi snart ska flytte herifrå. Då ska eg skifte te vinterdekk og vere presis kvar gong den fyste snøen kjem. Eg lova.

tirsdag 28. oktober 2008

Fine folk, Nummer 2: Mamma


Sia mamma har bursdag idag, må eg nesten dedisere bloggen te ho.
Ditta e mamma og Bjørg - i Barcelona i vår. Kjempetur!
Mamma blir 53 idag. Ikkje verst alder det, slettes ei. Mamma e igrunn ganske kul, sjøl om det ikkje alltid har vore mi oppfatning. Sånn e det å vere tenåring, skakje vere enkelt heile tia...
Å oppdra fire unga ser eg ikkje for meg som noke walk in the park, og uten å skryte for mykje må eg no sei at ho har gjort ein ganske bra jobb.
I tillegg e ho husmor og deltidsarbeidande, som regel ganske travel med eitkvart. Likevel tok ho seg tia te å reise te Barcelona med meg, Marianne og henna mamma, Bjørg. Det va fantastisk koolio. Ikkje noke krangling om oppvask og støvesuging, full fokus på irish coffee og å kose seg maks. Ganske herleg! Te våren har vi fire plana om ein ny tur, og eg gler meg allereie!

Hipp hurra for mamselamsen på dagen, eg håpa den blir bra!

mandag 27. oktober 2008

Fine folk. Nummer 1; KINE


Ditta e Kine. Fantastiske, festlige, herlige, syngande, snille, gode Kine. Ho har vore min næraste kompanjong i mange år no.
Vi blei først kjende i barnehagen. Men det var først i ungdomsskulealder at vi virkelig blei close. Vi har hatt so innigranskauen mykje moro ilag. Høgdepunkta og dei gode historiane står i kø. Då vi var yngre var det jentekveldar, med nachos og is (som vi åt rett frå boksen, neddynka i smilsaus) og filmar som Den Siste Festen, og TI TING JEG HATER VED DEG. Det var ein højdare. So begynte vi å ta oss ei øl i ny og ne. Spelkveldar med heile gjengen, der vi lo oss i hel over Andre sine fortellingar om marsvin og andre vittige ting.
Turar på Stavang har alltid blitt suksess når Kine har vore med. Anten det var berre oss to eller ein heil gjeng, latteren ligg laust i lufta. Tasle sneik i buskene, og naboane skreik i badestampen. Fantastiske minner.
Kine har og starta verdens beste juletradisjon. No gler eg meg like mykje til førstejuledagsfest der som til julafta. Heile gjengen samla med godt humør og rikeleg med alkohol, popquiz frå Sten, og Klakfinnane - det blir ikkje beire.
Sydenturen med Kine, Connie og Sten. Fantastisk. Brannalarmen gjekk og eg trudde det var eg og Kine som hadde starta den. Då går ein sjølvsagt i sikringsskåpet og skrur av all straum. Frukostar med mogenspålegg (banan og sjokoladepålegg) endelause timar på stranda der vi spela Ultimate Mogens (vidareutvikling av Idiot), show frå Trixie and The Kid. Aah.... Turen til Trondheim i fjor for å besøke Kine og Fimmi. Finfin helg. Firkløveret i London, maks moro i dyreparken og gutane sin drøm om Gentlemans Club.
Det er så mange minner, historiar, eg kunne skreve side opp og side ned om det. Bottom Line is; eg stortrivast ilag med Kine.

Eg og Kine har aldri studert i same by. Det ve sei at vi hakje budd på same plass på seks år. Likevel e vi like nære som før, sjøl om vi sjelden ser kvarandre og har kvart vårt liv på kvar vår kant. Eg veit at eg og Kine alltid kjem til å vere bestisa. Simastuen forever.

lørdag 25. oktober 2008

E du heilt MONO elle?!?!




Haha.. Knallhistorie. Eg huska den ikkje heilt, men Ida hadde iallefall overhøyrt ei dame som snakka om menneske som er MONO. Vi antar at ho meinte mongo. Anyways. Ein god historie, fårkje hjelpe at eg ikkje hugsa den heilt.
Men eg hugsa onsdag. Då va eg, Jensen, Kristin, Hanna og Elin på Mono. Min nye favorittpub. Med ganske bra favorittfolk og. Ser Kristin og Elin altfor sjelden. Med tanke på at vi bur i Oslo alle mann.. Latterlig dårlig av oss. Men eg trur vi er i gang med ein slags MONOtradisjon no. Og det e bra. Opprettholdbart rett og slett.

No e eg nett ferdig på dagvakt. Sleten og litt lei no. Men berre ei vakt igjen, so fri frå jobb i over ei veke. Dingding. Det e digg!
Ser fram til ein roleg leselørdag. Ska ta fram igjen De Gales Hus av Karin Fossum. Brabra. Vegard skal servere nydelege scampi. Eg trur det blir ein god kveld.

tirsdag 21. oktober 2008

Haha


Kom jo på at Silje ødela blenderen sin då ho laga sin berykta drink. Ho fortsatt med å lage det i foodprocessoren. Kanskje derfor den blei litt funky....? Ingenting å utsetje på humøret iallefall!

mandag 20. oktober 2008

Mandag


Arbeidsdag. Det er greit. Etter å ha hatt frihelg so er det faktisk ok å skulle gå på jobb igjen. Dessuten er ikkje jobben min så verst. Det er i grunn ganske lett-tente penga. Det lika eg.

På onsdag kjem Sjølve Jensen på besøk. Han skal til Kina til si kjære. Det er kosleg. Både at han kjem på besøk og at han skal på tur. Eg trur nok muligens vi tar oss ei øl då. Det pleie likso bli slik med meg og Jensen. Berre litt dumt at det e blitt so kaldt og ufjelgt. Og vindigt. Då er Mono ein fin plass å ha. Innandørs bakgård. Genialt.


Neste helg ska vi på rakfiskfestival i Valdres! Hah, det trur eg blir herleg harry. Eg gler meg. Skal bu på hytta til Gunnar, ilag med Silje og Raymond. Det kan bli piker, vin og sang, heile helga. Torsdag te søndag. Jabbadabbadooo! Håpa berre Silje lar blenderen stå heime. Den derre vodkadrinken med ananasbita e farlig stoff utpå natta....

lørdag 18. oktober 2008

Ode til min Folkehøgskule...



Ein ting eg har tenkt mykje på - er at det igrunn burde vere obligatorisk å gå på folkehøgskule... Det er eit ganske lærerikt år. Ikkje sånn akademisk sett - meir på det sosiale plan.

Ein møter mange forskjellige folk. Rare, kule, kjipe, morsomme, utenlandske, polski, lange, korte, tjukke, tynne, flinke, fisefine, festlige, uforgløymelege, snille, gode, vakre, stygge, fisseha, lista er endelaus. Noken gløymer ein same dag som ein sluttar, medan andre sit festa i hjarterota og forlet deg aldri.
Dagen ein ankjem folkehøgskulen ein har valgt er verdas skumlaste. Seriøst... Det e dritskummelt. Ein er redd og usikker og lurer på kva slags tullehaue ein skal dele rom med i eitt år. Eg var heldig. Eg møtte Linda. Mi løve. Jøden. Potetnasa. Verdens raraste skrue, men snill og festlig som dagen er lang. Med god sportsånd og eit stort hjerte. Dugandes til filosofiske samtaler til langt på natt. Og til å vere still i lag med. Og til å feste såpass at Schonnert skalv i dagevis etterpå. Bra bra bra dame. So skal ein møte alle dei andre. 90 personar ein skal dele kvardagen med - noken meir enn andre sjølvsagt. Men dog. Nervøsitet på eit sinnsvakt plan. So, litt etter litt, blir ein kjend med stadig fleire. Noken vise seg å vere verdt å tilbringe tid med. Børge, Hilde, Martine, Roar, Jannicke, Kristin, Ida. Åååå - det e bra folk det!
Kvardagen er alt frå kjedelig og tiltakslaus - til dei beste opplevelsane i livet. Det går i bølgedalar heile tida, og ein kjenner at ein lever. Eg trur eg aldri har hatt det så gøy, eller så kjipt som eg hadde det på fhs. Følelsane blir so innmari intense, ein lev i eit vakuum der verda kun dreia seg om det so skjer på skulen og på internata. Det e ei boble. MEN, gud for ei boble.
So byrjar dagane å lakke mot vår, og ein skal forberede seg på å reise frå skulen. Hah. Det går igrunn ikkje an å bli beredt på det! Grining og lovnadar, tårer, snørr, latter, lettelse, sorg.. Det e intense greier. Og i dagane so kjem føler ein seg einsam. So voldsomt og. Ein er vand med å ha folk bak kvar einaste dør og dele stue med 7 andre. Plutselig sit ein der, i eit vanvittig tomrom. Det kjem seg etterkvart.

Det beste e at når vi møtest den dag i dag, so e det nett so i gamle dage. Skravla går STRAKS, og latteren sit like laust som den gjorde for fire år sia. Sjølv om vi ikkje møtast/pratast ofte, so er det like lett som det var før. Det e godt å vete. Det e folk som e gode å ha.

Poenget mitt (før eg rota meg nedover MemoryLane) e at ved å gå på folkehøgskule so lære ein nye folk å kjenne. Men mest av alt lære ein seg sjølv å kjenne. Ein må ta valg. Kor ein høyrer heime. Kven ein trivast best med. Slike ting. Viktige ting som er kjekke å vete når ein skal ut i verda og bli klok student. Vel.. Akkurat det har eg ikkje fått til endå, men eg har fortsatt 8 måneda å gjere det på.

Nettopp. FHS e bra! Den beste e sjølvsagt Karmøy. Gunnar bør opplevast.
Berre eit tips.....

Vamp


I anledning ny Vampcd på gang måtte eg ta fram dei gamle og nyte det litt


Kim du nå va?
Den finaste mårenen e den så vente
Og eg e der lenge før eg e heilt nødt.
Eg står opp med sola og ser at hu hente
ein ny dag og sett an på gløtt

Den finaste dagen e den så lar vær
å bestemme, men løfte meg opp og gir fart.
Då sveve eg fint, eg kan se og glømma
og velge meg kvitt framfor svart

Så takk ska du ha, kjære gud
eller kim du nå va?
Du så fant opp dei finaste ting

Når skumringen legge sitt slør øve dagen
Og stillheten senke seg, går eg te ro.
Eller kanskje så søke eg byen og larmen
og tar meg eit glass eller to

Så takk skal du ha, kjære gud
eller kim du nå va?
Du så fant opp dei finaste ting

Den finaste nattå va den så me delte
Me leita og fant uten for månge ord
Så våkna eg innte den finaste jentå
eg vett om på denna jord

Så takk ska du ha, kjære gud
eller kim du nå va?
Du så fant opp dei finaste ting

fredag 17. oktober 2008

Nydelege Oslo-haust



Igrunn so har eg funne ut at eg e lei av Oslo. Ditta måtte eg revurdere her om dagen, då eg gjekk ein tur på Bygdøy. Fantastiske fargar og knasande løv - då e det ikkje so verst her likevel..

Faktisk so inspirerande at eg laga meg ein blogg om det. Det ekje verst. Planen e vel igrunn ikkje at det skal handle om kor fantastisk hausten i Oslo e, men det va no berre det eg følte for å dele no.

Idag er det fredag. Helg. Kan ikkje huske sist eg hadde helgekjensla, har jobba stort sett kvar helg i det siste, so no sit eg og kjenne på det her. Det kjennes godt! Ingen plana, ikkje noke stress. YES. Sånn teoretisk sett har eg hundretusen masterrelaterte ting eg kunne gjort. Men eg skakje gjer det. For eg skal berre ha helg.