onsdag 26. november 2008

Då e vi igang!


Jepps! No skjer det ting! Igår leverte eg heimeeksamen. Rett nok ein frykteleg dårleg ein, som eg verken korrekturleste eller kjempa hardt for å få til.. Men! Den e levert. OG godt e det.. No e vi heime hos foreldra te Vegard, drive og pakka tilhengar og bil.. Herreeeguuud kor mykje crap eg har spart på opp gjøna åra.. Eg hadde jo ei skikkeleg opprydding då eg flytta ilag med Vegard, men likevel har eg på to år klart å samle opp det dobbelte med bøke, cd'a og kle. Argh. Eg skal slutte med det. For kvart plagg eg kjøpe skal eg gje eit te frelsesarmeen. Jepp. Det e planen..

Vi køyre avgårde tidleg imåra, so vi har goood tid over fjellet. Grua meg egentlig litt til å køyre over fjellet, men vi tar det roleg so må det jo gå bra... Vi skal slenge ifrå oss saker og ting i huset, det blir spennande å sjå ka Vegard syns. Han hakje sett det endå!! Håpakje han får fullstendig angsten og angra når han ser det... Eeehhh.. Det må gå bra!

På fredag skal vi i begravelse te Alla... Stakkars gamle Allamosta.. Systa te besta, og den snillaste dama i to sko.. Det e trist at ho e vekke, men på same tid so va det kanskje godt for ho å sleppe.. Ho va godt over 90 år, 94 trur eg... Dei siste åra har formen svikta og ho har for det meste låge på sjukeheimen og vore forvirra.. Eg håpa ho og besta sete i himmelen (eller kor dei no e) og skravla og skåla.. Det fortena dei. Verdens beste damer! Ingen over, ingen ved sia.. Det e skikkelig rart at det e eit halvt år sia besta dø.. Eg tar meg fortsatt i å tenke at eg må få tia te å reise te Sandane og besøke ho kvar gong eg ska heim... Sånn trur eg det kjem te å vere ei stund..

Uansett, det føles bra at vi e på gli no, hei hurra!

søndag 23. november 2008

Morgonstund har gull i munn...



For ein tre-fire år sia fann eg, Siren, Mari og Marius ut at det ikkje er so kjekt å vere vaksen om vinteren, som å vere unge. Derfor kledde vi på oss vinterkle og gjekk i barnehagen med akebrett. Der leika vi og basa i timesvis. Kaldt, men å gud så herleg. Slike ting sit eg og tenker på no, no når det er opp og avgjort at vi skal flytte heimatt. Jepp, det blir ingen kebab og min daglege morgonkaffe (dobbel latte med Irish) er long-gone. Likevel syns eg vi får meir enn vi mistar. Vårt eige hus. HAGE! Ingen bråkete naboa vegg-i-vegg, som syns at det kjekkaste i verda er å spele gitar og synge (FALSKT) til Luxux Leverpostei. Vegard meina vi skal putte superlim i låsen hans før vi flytta.. Hehe.. Han har irritert oss kraftig ganske ofte, det skal bli so godt å sleppe å forholde seg te sånt lenger.

No er det morgon, og eg har nett sendt Vegard på jobb. Eg ska på kveldsvakt, og før det skal eg komme igang med heimeeksamen for real.. Den skal vere ferdig på torsdag. Og eg slite BIIIG time.. Av og til skjøna eg ikkje korleis eg har komt meg gjennom 4 1/2 års utdanning. Eg utsette alt til absolutt siste lit, og går og surra med alt mulig anna... Argh. Derfor. Skal eg no sette på kaffeen og komme igang. Yes sir!
Aaaany minute now.....

onsdag 19. november 2008

Alt eg burde ha gjort....

- eg må sende telefonen min til reperasjon
- eg må starte å pakke
- eg MÅ starte på heimeeksamen
- eg burde ringt banken
- eg burde ringt noken forsikringsselskap
- eg skulle ha henta ved
- eg burde laga meg frukost


Burde, skulle, kunne må.. Travle tider her i Oslo.. Vi har begynt å pakke for å gjere leiligheten visningsklar, og det ekje berre-berre. Fantastisk kor mykje crap ein klarer å samle i hop.. Samstundes skal eg levere heimeeksamen neste torsdag, og eg har ikkje akkurat satt meg inn i den oppgåva. Telefonen min har tatt kvelden, og eg veit ikkje kor eg skal sende den.
Vi fekk kontrakta på huskjøpet igår, og tilbrakte dermed resten av dagen i telefonen med ein ubrukeleg, nedlatande, ignorant og F O R F E R D E L E G advokat som ikkje var interessert i å høyre noko anna enn si eiga stemme. ARGH. Eg blir so forbanna.
Neste helg køyre vi første flyttelass heim te Nyborg.. Det blir sikkert både kjekt, tungt, travelt og spennande. Eg gler meg! Fine, fine huset.. Gamle huset egentlig, men åååå! POTENSIALE!

Men no. No skal eg komme i gang. Jepp. Any minute now...

lørdag 15. november 2008

Huset er vårt!!


Endeleg, etter mykje venting og neglebiting er huset endeleg endeleg vårt:)
Det e so utrulig kjekt, og eg GLER eg meg til å sette igang med opp-pussinga.
Det e mykje å gjere, men herregud kor fint vi kjem til å få det. Dersom noken finne at dei har for mykje fritid dei neste åra - kom til oss, her skal du arbeid finne!

mandag 10. november 2008

Ventetid.....


Idag har eg og Vegard lagt inn første bud på huset "vårt"....
So no blir det venting, neglebiting og generelt spent stemning i iallefall eit døgn...
Eg e igrunn ganske dårleg på å vente, og fordi eg e so spent so har eg no sett i gong to store prosjekt.
Eg vaska huset og eg har begynt å skrive metodekapittelet til masteroppgåva.
Likevel sit eg her på bloggen og får ikkje gjort noken ting. Bøke, vaskebøtte, mopp, penna og diverse flyte omkring her - og eg finn ikkje roa til å gjere noke ferdig...

Vel. Det hjelpe vel ikkje å sitte her.....

søndag 9. november 2008

Fine folk. Nummer 4; Lukas!



Ifår feira vi treårsdagen til Lukas. Det var stas!
Av meg og Vegard fekk han trommesett:D
Hihi. Vi har skremt Camilla og Vegar med det lenge, men no fann vi ut at det var på tide å gjere alvor av truslane. Ansiktsuttrykka på heile familien var ubetalelege. Lukas og Elias; OVERVELDA. Camilla og Vegar; SJOKKERTE.
Haha. Eg (med god "hjelp" av Lukas og Elias) fikk montert tromma, og då var det i gong. Lukas lånte den til og med vekk til Elias, den lille snillingen:)
Verre var det når Vegar kom opp og ville prøve, trur han syns det var litt kjekt likevel. Utover kvelden rocka Lukas skikkelig, han spelte trommer, Camilla spelte gitar - og dei hadde en skikkelig bra medley over alle bra sangar frå Kaptein Sabeltann. Grusomme Gabriel høyrest braaahaaahaaa ut på trommer;)
Hipp hurra for verdens beste Lukas:)

torsdag 6. november 2008

Ønskeliste


Det skapet her syns eg var faktisk var utrulig kult. FAENSKAPET!
Hoho, ja takk!
Det vil eg ha i huset som eg og Vegard forhåpentligvis får snart.....

onsdag 5. november 2008

Fine folk. Nummer 3; Trude



Dette er mi svimete lillesyste, for anledning ikledd ein snerten liten hatt då vi var på shopping i Oslo Sentrum.
Trude er ein verdsmestar i å finne fram. Det er ein god eigenskap å ha når ein vitjar storbyen. Då kjem ein seg alltid på rett buss og havnar der ein skal. Muahahaha. Eg ler meg i hel. Eg og pappa e enige om at vi skal flire av det her i mange herrens år framover.
Her er saken:
Trude og Julia (sjefssvima) hadde vore i sentrum og svidd av gryn. Eg sende melding til Trude og spurte om ho snart var på vei heim att. Jada, det var så kjekt og lett atte, og ho sa ho var på veg mot bussen. Det tok i overkant lang tid syns eg, og plutselig ringte telefonen, og ei hissig Trude var lost in space. "Den jævla 54bussen går jo ikkje te kiellandsplass!!!!!" Eh, jo Trudemor, det e akkurat det den gjer. Men det kjem sjølvsagt an på ka retning du tek den i! I tillegg var ho forbanna fordi herren som styrte bussen ikkje forsto ka ho sa, og plutselig skrudde av lysa og forlot bussen. Det ordna seg sjølvsagt til slutt, ho blei sittande på bussen og den snudde og kjørte i riktig retning. Sia det har vi ledd av ho. Og det har vi tenkt å fortsette med.
Ellers er Trude ein finfin person. Ho kan virke litt seriøs og flinkis, men under denne prikkfrie overflata finne du ei morsom, underhaldande, snill, lettskremt, tøff og bra jente som eg syns e kjekk å ha te lillesøster.
Då Trude var liten var ho ein heilt fantastisk underfundig unge. I sommar såg vi på gamle videoa, og der e det ein av Trude. Ho e kanskje tre-fire år, og står i døra og spør; "Mamma, kan vi få teeeipee???" Og mamma svara ja, som om det var den mest naturlege ting. UNDERHOLDNIIIING!

Trude har og hatt ei karriere som tidenes blidaste kassadame på Spar. Hirrhirr!

mandag 3. november 2008

Anbefalar;


Valdresradioen!!
Herregud. DET e en bra radio det!
Frekvens 105,5 trur eg, det e verdt ein lytt. Der e det mykje lokale folk som ringer inn på dei ulike konkurransane og rebusane som dei fantastiske vertane finne på
Radiovert: "og kem har mø me øss her?"
Innringar: "Det er datra di!"

Radiovert1: "nei, no e det seint, vi må vel runde av?"
Radiovert2: " ja, mø lyt koma uss heim att, e må snart legga meg, har regelemessig avføring klokka halv seks kvar morgon, so e lyt ha lite søvn før det"

Fantastisk.

søndag 2. november 2008

Rakfiskfestival!




Valdres er ein fager plass, det ekje noke tvil om det. Men; når Fagernes blir inntatt av 30.000 spinnville, festklare rakfiskentusiastar, er det igrunn ein ganske skremmande stad å vere.
Steikje moro! Det va fullt i folk, fulle folk. Fulle folk på alder med foreldra våre. Stilig! Klokka seks tok vi buss frå Danebu og ned te Fagernes sentrum, og då var folk kanakkas og sang fengande sangar om "ståpikk, hele natta lang" og liknande. Veldig sjarmerande når mannfolket som syng sangen er nærare 70 år og sannsynlegvis ikkje har vore nærheten av den tilstanden. Haha, komedie for oss som ikkje var so fulle på dette tidspunktet. Vi tok kraftig igjen på bussen heim att på natta. Hah. Der fekk dei den!

Ellers tøffa vi oss på hytta til Silje, med god mat og masse drikke, litt sigar vart det og i ny og ne. Vegard og Raymond gjekk med sine flotte t-skjorter der det sto "Doffen har røtna" på. Gode tider! Vegard kjøpte rakfisk, men eg styrte greit unna det. Råten mat e berre ikkje noke for meg... Det stride likso i mot mi fornuft. Kall meg kresen, men sånn e det berre!
Men bortsett frå råten mat, kan eg anbefale Rakfiskfestival på Fagernes på det varmaste!