onsdag 29. juli 2009

Sånn går det....


Når Trude stjeler mobilen min og tek Mongoapebilde av seg sjølv:)

torsdag 9. juli 2009

Hagen frå himmelen .


Ja. Sånn utsikt har eg altså frå hagen min. Ikkje akkurat ilt. Tvert i mot ganske flottesen! Her vil eg bygge og her vil eg bu! Sånn flaks at det e AKKURAT det eg gjer:)

Til topps!


Idag gjekk eg, pappa, odd helge, marie og birk til topps på kvamsfjellet! Allereie i første bakken bestemte eg og marie oss for å slutte å røyke. Det første vi gjorde på toppen var å ta ein røyk. Jada. Stupid, eg veit. Men sånn går no dagane! På veg nedatt fekk birk ferten av eit spor, og forsvann nedover lia. Etter ein halvtimes tid kom han tilbake, med tunge steg og tunga som slips. Vi måtte sitte i 20minutt før han pusta normalt igjen. Kanskje han burde slutte å røyke og?

onsdag 8. juli 2009

Paradis på jord


Knallstart på ferien! Rett på hytta med sekken full av øl, vin, grillbein og godt humør. Birk sto for underholdningen, eg tok meg av avslappinga. Ubeskrivelig deilig å gjere INGENTING noken daga, og i tillegg bli brun og blid. Kan man ønske meeeer??

torsdag 2. juli 2009

Ålhus på sitt beste.


Jada. Ein ettermiddag i juni, vi holdt på å rive ripsen ut av hagen. Vi hadde besøk av jensenungane, og det var gubben og gamla låg og drog for alle penga. Ripsbuskene var frå hine hårde dager og ganske umulige å få opp, så vi følte behov for ein pause. Då høyre vi med eitt ei helsikkas kauking, vill breking, klakkande klovar mot asfalten og generell kakafoni. Vi blir sjølvsagt nysgjerrige og går framom huset for å sjå. Jada. Full panikk blant 30-40 saua som spring midt i vegen. Ei dame med ei bøtte med fór og ei fløyte(?!)som jagar dei bortover E39. Smart. Etter dama kjem det ein mann som slit med å springe, ein mann med sauehund i band, som slit med å henge på, etterfulgt av fire lam som skvette oppover hegrenesåsen. Neida. vi stilte oss ikkje opp langs hekken og såg på ditta og lo. Slettes ei. Det ville vi aldri ha gjort. Det beste var når dei hadde komt seg ut av hovedvegen og inn på gangvegen so tok dei likegodt og sprang same vegen tilbake. Eehh.. Va det joggetur? Trening til dei skal flytte sauen på ordentlig? Ikkje veit eg, but it made my day!