
Idag gjekk eg, pappa, odd helge, marie og birk til topps på kvamsfjellet! Allereie i første bakken bestemte eg og marie oss for å slutte å røyke. Det første vi gjorde på toppen var å ta ein røyk. Jada. Stupid, eg veit. Men sånn går no dagane! På veg nedatt fekk birk ferten av eit spor, og forsvann nedover lia. Etter ein halvtimes tid kom han tilbake, med tunge steg og tunga som slips. Vi måtte sitte i 20minutt før han pusta normalt igjen. Kanskje han burde slutte å røyke og?
1 kommentar:
det er beoynd stupid, skal eg sei deg. sluttar du å røyke skal eg til ei kvar tid ha eit strøkent rom. I dare you!
Legg inn en kommentar