søndag 20. februar 2011

Jessda!!!

DÅ folkens!!! Dååå er bilen i boks :)
Gjenstår berre formaliteter som signerer av lånepapir og henting av bil, men anywhoooooooo, vi har snaaart bil igjen.. Det er ein rimelig strøøøken og stilig mitsubishi outlander. Blir sååå stas ha køyre rundt i den, istadenfor den gamle, lørvete forden.. Eller, sånn som det har vore den veka her: ingen bil! Grusomme gabriel. Eg elsker huset vårt, og eg elsker å bu på Ålhus, men jaggu er det trasigt å ikkje komme seg ut av bygda.. Altså, eg har vore utav bygda, men ikkje på dagen då eg er heime med Heddababyen ...

Så ja.. Tidenes dølleste blogginnlegg, men eg er glaaaaaaaaahaaaaaahaaaaaaaaaad!!!

torsdag 17. februar 2011

Mammablogging?

Det har i det siste blitt satt fokus på mammablogging... Som ein kanskje kan legge merke til, er dette IKKJE ein mammablogg.. Eg skriv om det å vere mamma til Hedda, men bloggen DREIER seg ikkje om ho.. Eg legg ikkje ut bilder av ho, og eg skriv ikkje utelukkande om Heddami... Dette er eit svært bevisst val...

På den eine sida; det er INGENTING eg er så stolt over her i verda, som Vesla mi. Ho er det finaste lille mennesket i verda, og eg er så glad i ho at det sprenger i hjertet når eg tenker på det. Sjølvsagt kunne eg tenke meg å skryte herfrå til Gjøvik om ho, og legge ut bilder og videoer av alt det morsomme ho gjer.. I tillegg er jo tante Tequila (Trude då) ute i verda, og eg skulle gjerne latt ho få ta del i utviklinga til Hedda.

Likevel. Noko stoppar meg. For det første.. Hedda er 9 månader. Ho er ein liten fis, utan sjanse til å fortelle kva ho vil og ikkje vil. Kor mykje ho vil at ANDRE, og faktisk TOTALT framande skal vite om ho.. Ja, ein kan slette innlegg og bilder, men i verste fall kan det hamne i hendene på feil folk.. Dette er ikkje noko eg er villig til å utsette mitt lille uskyldige barn for.. Kult når ho kjem i tenåra, å oppdage at mamma har lagt ut heile livet på internett.. Sorry macco, men det skjer berre ikkje!

With that said; andre mødre må gjerne blogge om sine små håpefulle utan at eg dømmer dei for det. Eg les gjerne mammabloggar og flirer av dei søte små ungane.. Eg ville berre dele mitt syn på saka..

tirsdag 15. februar 2011

Siste nytt

Ja ja. Eg skakje påstå at eg er tidenes på å oppdatere bloggen. Gløyme liksom at eg har den. Men; here I am!
Har nett putta vesle skravletroll i bingen for ein formiddagslur.. Eg sitte her med kaffikopp og One Tree Hill. Kankje sei anna enn at ditta permisjonslivet har nokre fordelar!

Januar fauk avgårde med snø (og snø og snø og snø og snø og snø og S N Ø), tur til austlandet, litt småpjusk veslemor, og VIPS so var det februar! Tida flyr! Om ein og ein halv månad er eg offisielt i arbeid igjen.. Litt sånn skrekk og gru kjensle..

Gler meg fordi:
- skal bli deilig å komme igang med The Real Life igjen
- spennande arbeidsoppgåver ligg framfor meg
- skal bli godt å vere KATRIN; ikkje berre mamma
- kjenner at hjernen min trenger å tenke på andre ting enn bleier og måltid (vel, mange vil påstå at det er KUN det jobben min dreier seg om, men tru meg, det er det virkelig ikkje!)

Gruar meg fordi:
- eg får ikkje sjå vesla mi heile dagen...
- eg kjem til å gå glipp av nye ting ho lærer seg, ho utviklar seg så fort no!
- eg MÅ fungere, uansett lite eller nok søvn
- eg får ikkje sjå vesla mi heile dagen.........

Takk og lov skal Vegard vere heim i 10 veker, så Hedda slepp å starte i barnehagen no med ein gong.. Det gjer godt i sjela å vete det.. Trur dei to kjem te å kose seg gluggers! Også skal det bli spennande å sjå om eg kjem heim til ryddig hus og ferdig middag, eg prøvar å ikkje forvente det :P

Ellers fekk vi no tidenes biltur på søndag. Hadde hatt ei langhelg hos svigers, og søndag kom vi oss i bilen tidleg (til tross for at Vegard tok seg ein pikkande liten tur på legevakta....)
Hedda sovna før vi var komne til Lillestrøm, så vi tenkte at: YES, det her blir ein bra tur, kanskje vi er heime i 3tida?! Rett etter Nesbyen sa Vegard at det var noko rart med gassen.. Han fekk liksom ikkje opp farta... So plutselig sa han at bilen ville ikkje gire.. Javel. Flott tenkte vi, og svingte inn på ei busslomme.. Sløkte bilen og Vegard gjekk ut for å sjå... Såg at det rauk litt og det lukta svidd... Han sette seg inn igjen og starta bilen.. Det tok då ca tre sekund før heile bilen var fylt med røyk.. Digg.. Vi tørte ikkje ta sjansen på å køyre te Gol, så vi ringte NAF.
Etter 23 minutt i kø fekk vi kontakt med dei.. Vakje særlig kaldt i 25 minus ...
Heldigvis hadde vi med tepper og masse ullkle, så Hedda spant rundt i baksetet og hadde The Time of Her Life ;)
Etter 1 og ein halv time fekk vi endeleg hjelp, og vi blei slepa til Gol Skysstasjon.. Vi va litt rådville, for vi ante ikkje korleis vi skulle komme oss får Gol og heimatt.. Men ka va det so sto og gliiiiiiiiiste imot oss på Skysstasjonen?? Jo du, den vakre SOGN OG FJORDANE EKSPRESSEN! eg sprang som ein vind (yeah, right!) bort te bussen og fekk vete at vi hadde eit kvarter på oss. Fekk tømt bilen for det meste av bagasje, og kasta oss ombord. Hedda fekk sitte shotgun og hadde den kongeutsikta :D
Bussturen gjekk som ein drøm, vi har virkelig verdens mest fantastisk tålmodige unge.. Takk og lov for Heddami, verdens beste!!

Kom oss heim, der hadde mamma måka snø, pappa fyrt i ovnen og der var middag til oss. Takk og lov for dei og!

Så no sitter vi på finn.no og leiter etter ny bil, og skal ringe banken og tigge etter peng. Jiha! Livet er ein leik karar!!