torsdag 5. mars 2009

VÅR!

Det føles veldig som om det er vår no. Det minner meg og "gode, gamle" dager. Då mamma lot meg gå med dongerijakke og mine dritakule converseetterligningar - sykkelen kom fram og Langhaugane yra av elleville vårbarn. Ista gjekk eg og henta posten, og då tok eg på meg mine (no ekte) Conversesko og vårjakka mi - berre for å få feelingen. Lukke!
Eg har vel ei viss aning om at våren ikkje e komt for alvor, etter 20 år med fast bustad på vestlandet har eg lært at veret skiftar fortare enn ein rekk å sei "steikjedeg", men likevel. Eg vel å nyte det mens eg kan!

Bildet viser Marianne og meg, ifjor vår. Vi las te eksamen i graset utanfor Georg Sverdrups hus på Blindern, det va ganske fint. Våren i Oslo er fin. Fordi den er ganske lik sommaren på vestlandet. Dog litt meir stabil. Men akk, kor eg gler meg til å oppleve alle vårteikn her i min eigen vesle hage. Det blir kjekt når snøen smeltar, og vi kan gå tørrskodde over steinhellene, når det plutseleg dukkar opp blomar og grønt gras. Ja, det bli fint du!

Idag e det torsdag, min sokalla masterdag. Jepp. So langt har eg ringt TV-mannen (vi har vore uten NRK nokre veker), skreve ein lang kjeftemail til Netcom og fyrt i ovnen (stemmer det, det ekje heeeilt vår endå...) Men igår fekk vi brevet vi har venta på, NSD har godkjent prosjektet vårt, so no e det pika berre å gyve laust. Blir spennande, travelt, slitsomt og forhåpentligvis gjennomførbart. Etter veka i Oslo med våre geniaaale veiledar fekk vi litt trua igjen. Eg ler meg i hel om klare å fullføre det her. Det va det INGEN so hadde trudd på førehand iallefall. Meg og Marianne liksom. Skippertaksguruane skrive master ilag. Yeah! Right! 
Vel, eg skakje bjynde å skryte over at det e i boks endå, gudane veit ka slags utfordringa so ligge framfor oss.

Men no, når våren er her følast alt mulig! 
Best å komme i gang:)

1 kommentar:

Hanna sa...

Gratulere! Tenk om klarsignalet hadde latt vente på seg på til langt etter påske. DÅ hadde det blitt stress og lite gjennomførbart. No er det berre ein plass midt i mellom ;)
Neida. Tvitvi! Det går sikkert kjempebra :)