torsdag 2. juli 2009

Ålhus på sitt beste.


Jada. Ein ettermiddag i juni, vi holdt på å rive ripsen ut av hagen. Vi hadde besøk av jensenungane, og det var gubben og gamla låg og drog for alle penga. Ripsbuskene var frå hine hårde dager og ganske umulige å få opp, så vi følte behov for ein pause. Då høyre vi med eitt ei helsikkas kauking, vill breking, klakkande klovar mot asfalten og generell kakafoni. Vi blir sjølvsagt nysgjerrige og går framom huset for å sjå. Jada. Full panikk blant 30-40 saua som spring midt i vegen. Ei dame med ei bøtte med fór og ei fløyte(?!)som jagar dei bortover E39. Smart. Etter dama kjem det ein mann som slit med å springe, ein mann med sauehund i band, som slit med å henge på, etterfulgt av fire lam som skvette oppover hegrenesåsen. Neida. vi stilte oss ikkje opp langs hekken og såg på ditta og lo. Slettes ei. Det ville vi aldri ha gjort. Det beste var når dei hadde komt seg ut av hovedvegen og inn på gangvegen so tok dei likegodt og sprang same vegen tilbake. Eehh.. Va det joggetur? Trening til dei skal flytte sauen på ordentlig? Ikkje veit eg, but it made my day!

Ingen kommentarer: