mandag 13. april 2009

Glad Påske!

Å du nydelege påske midtoppå fjellet! Vi har hatt det heilt knallaktig! Strålande sol mesteparten av tida, lange fine skiturar, kort, ludo, tp, uno speling til langt på kveld og masse, masse søvn. Herleg. Deilig. Sjelden har ein ferie vore so etterlengta og levd so masse opp til forventingane sine. Ëlias e verdens søtaste lille gut. "Tante Katrin, du er den snilleste tanta i hele verden." Å jada! Blir jo pika rørt til tårene av dissa små gutane:)

Men no er påska over, og alvoret har truffe meg som ei slegge midt i panna. Auch. Eg og Marianne sliiihiiihiiite sånn mastermessig... Vi var på veiledning før påske. Veilederen vår seie; Dere tenker å levere i november? Vi; neinei, vi skal levere i mai! Veileder; Åh, åh....
Vi gjer oss ikkje so lett! Vi har lagt ein plan, og den skal vi pinadegen følge. OG vi skal klare det. Vi skal levere i mai. Og vi skal stå på den. Såh. Det. Såh...

Og med dei orda skrider eg til verket. Takk for meg.

Ingen kommentarer: