mandag 23. februar 2009

Oslo..


No er eg tilbake i Tigerstaden - dog berre for ein kort periode. Kjørte over fjellet aleine igår, meg og Spacern on the road again! Jaggu glad eg fekk lagt om te piggdekk, for hadde eg kjørt på dei gamle piggfrie so hadde eg ikkje komt meg levande ned te gol. So puh for det:)
Då eg kom fram te Oslo, seint søndagskvelden oppdaga eg jo at heile byen e nedsnødd. Serioost. Der va masse ledige parkeringsplassa, problemet va berre at dei va dekka med halvanna meter snø. Men med hjelp av Marianne og henna hyggelige sambuarar fekk vi måka gliset mitt opp i ei snøfonn - satsa på å unngå bot!

Skal vere her i storbydn te fredag ca. Då kjem Vegard og vi skal tilbringe helga ilag med verdens beste Elias og Lukas. Gler meg stort til det. Det e det kjipaste med å ha flytta vestover, vi ser gutane alt for lite. Nesten redde dei ska gløyme oss. Men vi prata jo med dei på telefonen av og te, og det verka so dei framleis har ein ide om ken vi e. Gøtt e det!

Imåra e det Blindern som står for tur. Veiledning... Dattatataaaaaa.... (sånn skummel skjebnesymfoniaktig lyd) Det blir skummelt. Redd vi blir slakta og utskjelt for for dårleg arbeidsinnsats. Som for so vidt stemme på ein prikk - men dog - ikkje noke vi har lyst å høyre.. 
Eg har uansett eit lyspunkt å halde fast i om det blir for mørkt; Sushi med Herlege Hanna. Det gler eg meg til. Mest. Sushi e godt og Hanna e bra. Det kan ikkje bli feil det!

1 kommentar:

Hanna sa...

Så flott bilde av meg... eg ser forstoppa ut :P
Det var så koselig igår. Og beste sushi eg har ete på lenge!
God tur heim. snufs.