søndag 2. november 2008

Rakfiskfestival!




Valdres er ein fager plass, det ekje noke tvil om det. Men; når Fagernes blir inntatt av 30.000 spinnville, festklare rakfiskentusiastar, er det igrunn ein ganske skremmande stad å vere.
Steikje moro! Det va fullt i folk, fulle folk. Fulle folk på alder med foreldra våre. Stilig! Klokka seks tok vi buss frå Danebu og ned te Fagernes sentrum, og då var folk kanakkas og sang fengande sangar om "ståpikk, hele natta lang" og liknande. Veldig sjarmerande når mannfolket som syng sangen er nærare 70 år og sannsynlegvis ikkje har vore nærheten av den tilstanden. Haha, komedie for oss som ikkje var so fulle på dette tidspunktet. Vi tok kraftig igjen på bussen heim att på natta. Hah. Der fekk dei den!

Ellers tøffa vi oss på hytta til Silje, med god mat og masse drikke, litt sigar vart det og i ny og ne. Vegard og Raymond gjekk med sine flotte t-skjorter der det sto "Doffen har røtna" på. Gode tider! Vegard kjøpte rakfisk, men eg styrte greit unna det. Råten mat e berre ikkje noke for meg... Det stride likso i mot mi fornuft. Kall meg kresen, men sånn e det berre!
Men bortsett frå råten mat, kan eg anbefale Rakfiskfestival på Fagernes på det varmaste!

Ingen kommentarer: