onsdag 19. november 2008

Alt eg burde ha gjort....

- eg må sende telefonen min til reperasjon
- eg må starte å pakke
- eg MÅ starte på heimeeksamen
- eg burde ringt banken
- eg burde ringt noken forsikringsselskap
- eg skulle ha henta ved
- eg burde laga meg frukost


Burde, skulle, kunne må.. Travle tider her i Oslo.. Vi har begynt å pakke for å gjere leiligheten visningsklar, og det ekje berre-berre. Fantastisk kor mykje crap ein klarer å samle i hop.. Samstundes skal eg levere heimeeksamen neste torsdag, og eg har ikkje akkurat satt meg inn i den oppgåva. Telefonen min har tatt kvelden, og eg veit ikkje kor eg skal sende den.
Vi fekk kontrakta på huskjøpet igår, og tilbrakte dermed resten av dagen i telefonen med ein ubrukeleg, nedlatande, ignorant og F O R F E R D E L E G advokat som ikkje var interessert i å høyre noko anna enn si eiga stemme. ARGH. Eg blir so forbanna.
Neste helg køyre vi første flyttelass heim te Nyborg.. Det blir sikkert både kjekt, tungt, travelt og spennande. Eg gler meg! Fine, fine huset.. Gamle huset egentlig, men åååå! POTENSIALE!

Men no. No skal eg komme i gang. Jepp. Any minute now...

Ingen kommentarer: