søndag 23. november 2008

Morgonstund har gull i munn...



For ein tre-fire år sia fann eg, Siren, Mari og Marius ut at det ikkje er so kjekt å vere vaksen om vinteren, som å vere unge. Derfor kledde vi på oss vinterkle og gjekk i barnehagen med akebrett. Der leika vi og basa i timesvis. Kaldt, men å gud så herleg. Slike ting sit eg og tenker på no, no når det er opp og avgjort at vi skal flytte heimatt. Jepp, det blir ingen kebab og min daglege morgonkaffe (dobbel latte med Irish) er long-gone. Likevel syns eg vi får meir enn vi mistar. Vårt eige hus. HAGE! Ingen bråkete naboa vegg-i-vegg, som syns at det kjekkaste i verda er å spele gitar og synge (FALSKT) til Luxux Leverpostei. Vegard meina vi skal putte superlim i låsen hans før vi flytta.. Hehe.. Han har irritert oss kraftig ganske ofte, det skal bli so godt å sleppe å forholde seg te sånt lenger.

No er det morgon, og eg har nett sendt Vegard på jobb. Eg ska på kveldsvakt, og før det skal eg komme igang med heimeeksamen for real.. Den skal vere ferdig på torsdag. Og eg slite BIIIG time.. Av og til skjøna eg ikkje korleis eg har komt meg gjennom 4 1/2 års utdanning. Eg utsette alt til absolutt siste lit, og går og surra med alt mulig anna... Argh. Derfor. Skal eg no sette på kaffeen og komme igang. Yes sir!
Aaaany minute now.....

Ingen kommentarer: