Idag våkna eg til eit par millimeter med snø i Oslo. Det var ganske fint den første timen... So går det saakte over i slaps og generell unødvendig nedbør.
Eg har budd her i Oslo i snart fem år.. Og det slår ikkje feil.. Kvart år når den første snøen fell, blir det fullstendig kaos. Kollektivtrafikken kollapsa, og ein ser sju-åtte bila so har kjørt av veien. Eg forstår det ikkje. Kan det komme som eit so stort sjokk? Media har jo grundig informert oss om at det skulle bli snø idag. Likevel ser det ut til at sjokket e like stort kvar gong. Alt rakna. Folk blir forsinka, viss dei i det heile tatt dukka opp.
Som det kanskje kan merkast her; det irritera meg! Vi bur i NOREG for pokker. Her snør det! Get used to it!
Ikkje nok med berre det; når ein e ferdig på skulen og ska heim, har det fine kvite teppet gått over til søl og slaps overalt. Oslo ekje bygd for nedbør. Eg har budd på Jølster og i Bergen, to av dei mest regnfulle plassane i Noreg, likevel e det her eg blir våt på beina, ikkje heime. Argh.
Eg e glad vi snart ska flytte herifrå. Då ska eg skifte te vinterdekk og vere presis kvar gong den fyste snøen kjem. Eg lova.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar