søndag 20. februar 2011

Jessda!!!

DÅ folkens!!! Dååå er bilen i boks :)
Gjenstår berre formaliteter som signerer av lånepapir og henting av bil, men anywhoooooooo, vi har snaaart bil igjen.. Det er ein rimelig strøøøken og stilig mitsubishi outlander. Blir sååå stas ha køyre rundt i den, istadenfor den gamle, lørvete forden.. Eller, sånn som det har vore den veka her: ingen bil! Grusomme gabriel. Eg elsker huset vårt, og eg elsker å bu på Ålhus, men jaggu er det trasigt å ikkje komme seg ut av bygda.. Altså, eg har vore utav bygda, men ikkje på dagen då eg er heime med Heddababyen ...

Så ja.. Tidenes dølleste blogginnlegg, men eg er glaaaaaaaaahaaaaaahaaaaaaaaaad!!!

torsdag 17. februar 2011

Mammablogging?

Det har i det siste blitt satt fokus på mammablogging... Som ein kanskje kan legge merke til, er dette IKKJE ein mammablogg.. Eg skriv om det å vere mamma til Hedda, men bloggen DREIER seg ikkje om ho.. Eg legg ikkje ut bilder av ho, og eg skriv ikkje utelukkande om Heddami... Dette er eit svært bevisst val...

På den eine sida; det er INGENTING eg er så stolt over her i verda, som Vesla mi. Ho er det finaste lille mennesket i verda, og eg er så glad i ho at det sprenger i hjertet når eg tenker på det. Sjølvsagt kunne eg tenke meg å skryte herfrå til Gjøvik om ho, og legge ut bilder og videoer av alt det morsomme ho gjer.. I tillegg er jo tante Tequila (Trude då) ute i verda, og eg skulle gjerne latt ho få ta del i utviklinga til Hedda.

Likevel. Noko stoppar meg. For det første.. Hedda er 9 månader. Ho er ein liten fis, utan sjanse til å fortelle kva ho vil og ikkje vil. Kor mykje ho vil at ANDRE, og faktisk TOTALT framande skal vite om ho.. Ja, ein kan slette innlegg og bilder, men i verste fall kan det hamne i hendene på feil folk.. Dette er ikkje noko eg er villig til å utsette mitt lille uskyldige barn for.. Kult når ho kjem i tenåra, å oppdage at mamma har lagt ut heile livet på internett.. Sorry macco, men det skjer berre ikkje!

With that said; andre mødre må gjerne blogge om sine små håpefulle utan at eg dømmer dei for det. Eg les gjerne mammabloggar og flirer av dei søte små ungane.. Eg ville berre dele mitt syn på saka..

tirsdag 15. februar 2011

Siste nytt

Ja ja. Eg skakje påstå at eg er tidenes på å oppdatere bloggen. Gløyme liksom at eg har den. Men; here I am!
Har nett putta vesle skravletroll i bingen for ein formiddagslur.. Eg sitte her med kaffikopp og One Tree Hill. Kankje sei anna enn at ditta permisjonslivet har nokre fordelar!

Januar fauk avgårde med snø (og snø og snø og snø og snø og snø og S N Ø), tur til austlandet, litt småpjusk veslemor, og VIPS so var det februar! Tida flyr! Om ein og ein halv månad er eg offisielt i arbeid igjen.. Litt sånn skrekk og gru kjensle..

Gler meg fordi:
- skal bli deilig å komme igang med The Real Life igjen
- spennande arbeidsoppgåver ligg framfor meg
- skal bli godt å vere KATRIN; ikkje berre mamma
- kjenner at hjernen min trenger å tenke på andre ting enn bleier og måltid (vel, mange vil påstå at det er KUN det jobben min dreier seg om, men tru meg, det er det virkelig ikkje!)

Gruar meg fordi:
- eg får ikkje sjå vesla mi heile dagen...
- eg kjem til å gå glipp av nye ting ho lærer seg, ho utviklar seg så fort no!
- eg MÅ fungere, uansett lite eller nok søvn
- eg får ikkje sjå vesla mi heile dagen.........

Takk og lov skal Vegard vere heim i 10 veker, så Hedda slepp å starte i barnehagen no med ein gong.. Det gjer godt i sjela å vete det.. Trur dei to kjem te å kose seg gluggers! Også skal det bli spennande å sjå om eg kjem heim til ryddig hus og ferdig middag, eg prøvar å ikkje forvente det :P

Ellers fekk vi no tidenes biltur på søndag. Hadde hatt ei langhelg hos svigers, og søndag kom vi oss i bilen tidleg (til tross for at Vegard tok seg ein pikkande liten tur på legevakta....)
Hedda sovna før vi var komne til Lillestrøm, så vi tenkte at: YES, det her blir ein bra tur, kanskje vi er heime i 3tida?! Rett etter Nesbyen sa Vegard at det var noko rart med gassen.. Han fekk liksom ikkje opp farta... So plutselig sa han at bilen ville ikkje gire.. Javel. Flott tenkte vi, og svingte inn på ei busslomme.. Sløkte bilen og Vegard gjekk ut for å sjå... Såg at det rauk litt og det lukta svidd... Han sette seg inn igjen og starta bilen.. Det tok då ca tre sekund før heile bilen var fylt med røyk.. Digg.. Vi tørte ikkje ta sjansen på å køyre te Gol, så vi ringte NAF.
Etter 23 minutt i kø fekk vi kontakt med dei.. Vakje særlig kaldt i 25 minus ...
Heldigvis hadde vi med tepper og masse ullkle, så Hedda spant rundt i baksetet og hadde The Time of Her Life ;)
Etter 1 og ein halv time fekk vi endeleg hjelp, og vi blei slepa til Gol Skysstasjon.. Vi va litt rådville, for vi ante ikkje korleis vi skulle komme oss får Gol og heimatt.. Men ka va det so sto og gliiiiiiiiiste imot oss på Skysstasjonen?? Jo du, den vakre SOGN OG FJORDANE EKSPRESSEN! eg sprang som ein vind (yeah, right!) bort te bussen og fekk vete at vi hadde eit kvarter på oss. Fekk tømt bilen for det meste av bagasje, og kasta oss ombord. Hedda fekk sitte shotgun og hadde den kongeutsikta :D
Bussturen gjekk som ein drøm, vi har virkelig verdens mest fantastisk tålmodige unge.. Takk og lov for Heddami, verdens beste!!

Kom oss heim, der hadde mamma måka snø, pappa fyrt i ovnen og der var middag til oss. Takk og lov for dei og!

Så no sitter vi på finn.no og leiter etter ny bil, og skal ringe banken og tigge etter peng. Jiha! Livet er ein leik karar!!

mandag 3. januar 2011

Neighbours from hell... (ja, frå trøndelag iallefall...)

Ja.. Vi har altså fått nye naboar... Og OH MY GAAAAAAD... Eit eldre ektepar frå trøndelagen einkvastra.. Dei er ca 100 ++, røyker HEILE tia, og er generelt ganske usjarmerande.. (Ekje akkurat som at det nabolaget her var så spicy frå før av, så hadde liksom håpa på noken under 40...)

MEN, alt det der e greit.. Det som freaker meg ut er at dei har en hund. Og eg er hundemenneske... Då smerter det å sjå at dyret ikkje har det bra... Dei har kjørt sekshundreogfjorten flyttelass.. Alle med bikkja i bilen (ikkje i bur, men laust i baksetet).. Hunden sitter da i røykosen, i fri flyt.. Fram til igår har den omtrent ikkje fått vore ute... Mens no plutselig, sitter den ute HEILE tia... Uten vatn... Den får ingen ordentlig kommandoer, så den forstår ikkje ka som er forventa av den.. Og da får han deng. Jepp.. Deng. Har sett at mannen i huset SLO hunden... Da satt eg og Vegard og spilte Wii, eg var egentlig på vei i senga så hadde berre singlet og boxer på. Reiste meg i totalt sinne, kasta på meg ei bukse og sprang ut for å fortelle mannen ka eg syns om det her.. Uheldigvis var han gått inn før eg kom ut... Hadde eg fått tak i han då så hadde eg sannsynligvis prylt han opp (mannen er kanskje 52 kg, ser ut som han lever på sigg).. Uuuuææææh... Møkkamann! Etter dette har eg begynt å følge ekstra godt med, skjer det igjen så anmelder eg.. Lett.. Stakkars dyr...

Vår andre nabo har vore søkkvekke sia september. Keine savn! Heilt nydelig å sleppe alle idiotiske sms og mail frå det skrothauet der!

Og ellers; godt nyttår og sånt.
Eg skal starte et nytt og bedre liv. Typ, riktig mat til riktig tid, trim og gode greier. Jada. Kjem sikkert til å vare dritlenge.. Iallefall kanskje til midten av januar. Eg er skikkelig god på nyttårsforsett..

tirsdag 21. desember 2010

Sånn ja...

Ska vi sjå. Det vakje berreberre å komme seg i gang med blogging igjen.... Desember har berre forsvunne ut av nevane på meg, men da e grait.. Eg var ferdig med gavene i forrige veke, no er det berre litt julevask og kanskje ei kakebak igjen.. Eg og Hedda tek dagane med knuuuusande ro.... Ho er forresten verdens kulaste. Akkurat no ligger ho på golvet, ser seg i speilet og ler. HØGT. Hehehe. Og når eg ler av ho så berre ser ho rart på meg, snur seg tilbake til speilet og ler vidare. Jada. Ho er god på å underholde seg sjøl!

Ellers ser vi fram til julefeiring i eige hus i år! Ifjor feira vi austaføre, og det var greit det. Men eg gler meg VELDIG til å starte eigne tradisjona, og våkne i vårt eige hus på julafta og fystedag. Blir stasleg! Spesielt kjekt e det jo at vi skal feire jul med vesle Heddababyen. Det må jo bli bra... :D
Får håpe eg ikkje fucke opp pinnekjøtet... Det hadde jo vore heilt passleg nedtur.... Vi inviterte familien på raspekaker for noken veker sia.. Eg fekk ei oppgåve; KOK POTETENE.. dei var perfekte og fine i formen en time etter middag. Så jadda.. Godt eg har ein kokk i huset som kan redde dagen :)

Har eg forresten fortalt om naboane våre?! OH MY FREEEEEAKING god.... Det får bli ein anna gong. Hedda er no forsynt med å leike på eigahand.

torsdag 18. november 2010

Long time - no blogg!

Ja.. Eg har hatt ein lengre pause gitt. Uten egentlig å vite koffor, trur kanskje at ammetåka har slått til igjen, og eg har rett og slett glømt at eg hadde den bloggen her.
But but, it's not onlyonly, no e eg back. Men kan ikkje akkurat garantere at det blir dagleg blogging, for det e berre å innrømme det; det skjer ikkje sååå masse spennande i mitt liv!
Eller, Hedda gjer jo mange lure triks, men eg ekje so keen på å brette bilder og historier av ho ut på nettet. Kall meg skeptisk, eg tåle det!

Menneh huset vårt har blitt fint! ai ai ai!! So deilig å vere i boks. Vi har jo kjelleren igjen, men det er heldigvis lenge til vi har bruk for den, så den får berre vente. No skal vi berre kose oss og vere familie :)

I natt holdt Hedda Onemanshow frå 23-04.30. Eg e offisielt verdens trøttaste tryne gitt.. Håpa det betyr at ho har tenkt å sove i natt, ellers kan det fint hende at eg blir syyyyyyk i hodet mitt... Jaja, shit skjer!

fredag 26. februar 2010

Syns du vi har fint bad, del 2



























Det har komt seg ein smule!