torsdag 17. februar 2011

Mammablogging?

Det har i det siste blitt satt fokus på mammablogging... Som ein kanskje kan legge merke til, er dette IKKJE ein mammablogg.. Eg skriv om det å vere mamma til Hedda, men bloggen DREIER seg ikkje om ho.. Eg legg ikkje ut bilder av ho, og eg skriv ikkje utelukkande om Heddami... Dette er eit svært bevisst val...

På den eine sida; det er INGENTING eg er så stolt over her i verda, som Vesla mi. Ho er det finaste lille mennesket i verda, og eg er så glad i ho at det sprenger i hjertet når eg tenker på det. Sjølvsagt kunne eg tenke meg å skryte herfrå til Gjøvik om ho, og legge ut bilder og videoer av alt det morsomme ho gjer.. I tillegg er jo tante Tequila (Trude då) ute i verda, og eg skulle gjerne latt ho få ta del i utviklinga til Hedda.

Likevel. Noko stoppar meg. For det første.. Hedda er 9 månader. Ho er ein liten fis, utan sjanse til å fortelle kva ho vil og ikkje vil. Kor mykje ho vil at ANDRE, og faktisk TOTALT framande skal vite om ho.. Ja, ein kan slette innlegg og bilder, men i verste fall kan det hamne i hendene på feil folk.. Dette er ikkje noko eg er villig til å utsette mitt lille uskyldige barn for.. Kult når ho kjem i tenåra, å oppdage at mamma har lagt ut heile livet på internett.. Sorry macco, men det skjer berre ikkje!

With that said; andre mødre må gjerne blogge om sine små håpefulle utan at eg dømmer dei for det. Eg les gjerne mammabloggar og flirer av dei søte små ungane.. Eg ville berre dele mitt syn på saka..

Ingen kommentarer: