tirsdag 15. februar 2011

Siste nytt

Ja ja. Eg skakje påstå at eg er tidenes på å oppdatere bloggen. Gløyme liksom at eg har den. Men; here I am!
Har nett putta vesle skravletroll i bingen for ein formiddagslur.. Eg sitte her med kaffikopp og One Tree Hill. Kankje sei anna enn at ditta permisjonslivet har nokre fordelar!

Januar fauk avgårde med snø (og snø og snø og snø og snø og snø og S N Ø), tur til austlandet, litt småpjusk veslemor, og VIPS so var det februar! Tida flyr! Om ein og ein halv månad er eg offisielt i arbeid igjen.. Litt sånn skrekk og gru kjensle..

Gler meg fordi:
- skal bli deilig å komme igang med The Real Life igjen
- spennande arbeidsoppgåver ligg framfor meg
- skal bli godt å vere KATRIN; ikkje berre mamma
- kjenner at hjernen min trenger å tenke på andre ting enn bleier og måltid (vel, mange vil påstå at det er KUN det jobben min dreier seg om, men tru meg, det er det virkelig ikkje!)

Gruar meg fordi:
- eg får ikkje sjå vesla mi heile dagen...
- eg kjem til å gå glipp av nye ting ho lærer seg, ho utviklar seg så fort no!
- eg MÅ fungere, uansett lite eller nok søvn
- eg får ikkje sjå vesla mi heile dagen.........

Takk og lov skal Vegard vere heim i 10 veker, så Hedda slepp å starte i barnehagen no med ein gong.. Det gjer godt i sjela å vete det.. Trur dei to kjem te å kose seg gluggers! Også skal det bli spennande å sjå om eg kjem heim til ryddig hus og ferdig middag, eg prøvar å ikkje forvente det :P

Ellers fekk vi no tidenes biltur på søndag. Hadde hatt ei langhelg hos svigers, og søndag kom vi oss i bilen tidleg (til tross for at Vegard tok seg ein pikkande liten tur på legevakta....)
Hedda sovna før vi var komne til Lillestrøm, så vi tenkte at: YES, det her blir ein bra tur, kanskje vi er heime i 3tida?! Rett etter Nesbyen sa Vegard at det var noko rart med gassen.. Han fekk liksom ikkje opp farta... So plutselig sa han at bilen ville ikkje gire.. Javel. Flott tenkte vi, og svingte inn på ei busslomme.. Sløkte bilen og Vegard gjekk ut for å sjå... Såg at det rauk litt og det lukta svidd... Han sette seg inn igjen og starta bilen.. Det tok då ca tre sekund før heile bilen var fylt med røyk.. Digg.. Vi tørte ikkje ta sjansen på å køyre te Gol, så vi ringte NAF.
Etter 23 minutt i kø fekk vi kontakt med dei.. Vakje særlig kaldt i 25 minus ...
Heldigvis hadde vi med tepper og masse ullkle, så Hedda spant rundt i baksetet og hadde The Time of Her Life ;)
Etter 1 og ein halv time fekk vi endeleg hjelp, og vi blei slepa til Gol Skysstasjon.. Vi va litt rådville, for vi ante ikkje korleis vi skulle komme oss får Gol og heimatt.. Men ka va det so sto og gliiiiiiiiiste imot oss på Skysstasjonen?? Jo du, den vakre SOGN OG FJORDANE EKSPRESSEN! eg sprang som ein vind (yeah, right!) bort te bussen og fekk vete at vi hadde eit kvarter på oss. Fekk tømt bilen for det meste av bagasje, og kasta oss ombord. Hedda fekk sitte shotgun og hadde den kongeutsikta :D
Bussturen gjekk som ein drøm, vi har virkelig verdens mest fantastisk tålmodige unge.. Takk og lov for Heddami, verdens beste!!

Kom oss heim, der hadde mamma måka snø, pappa fyrt i ovnen og der var middag til oss. Takk og lov for dei og!

Så no sitter vi på finn.no og leiter etter ny bil, og skal ringe banken og tigge etter peng. Jiha! Livet er ein leik karar!!

Ingen kommentarer: