lørdag 18. oktober 2008

Ode til min Folkehøgskule...



Ein ting eg har tenkt mykje på - er at det igrunn burde vere obligatorisk å gå på folkehøgskule... Det er eit ganske lærerikt år. Ikkje sånn akademisk sett - meir på det sosiale plan.

Ein møter mange forskjellige folk. Rare, kule, kjipe, morsomme, utenlandske, polski, lange, korte, tjukke, tynne, flinke, fisefine, festlige, uforgløymelege, snille, gode, vakre, stygge, fisseha, lista er endelaus. Noken gløymer ein same dag som ein sluttar, medan andre sit festa i hjarterota og forlet deg aldri.
Dagen ein ankjem folkehøgskulen ein har valgt er verdas skumlaste. Seriøst... Det e dritskummelt. Ein er redd og usikker og lurer på kva slags tullehaue ein skal dele rom med i eitt år. Eg var heldig. Eg møtte Linda. Mi løve. Jøden. Potetnasa. Verdens raraste skrue, men snill og festlig som dagen er lang. Med god sportsånd og eit stort hjerte. Dugandes til filosofiske samtaler til langt på natt. Og til å vere still i lag med. Og til å feste såpass at Schonnert skalv i dagevis etterpå. Bra bra bra dame. So skal ein møte alle dei andre. 90 personar ein skal dele kvardagen med - noken meir enn andre sjølvsagt. Men dog. Nervøsitet på eit sinnsvakt plan. So, litt etter litt, blir ein kjend med stadig fleire. Noken vise seg å vere verdt å tilbringe tid med. Børge, Hilde, Martine, Roar, Jannicke, Kristin, Ida. Åååå - det e bra folk det!
Kvardagen er alt frå kjedelig og tiltakslaus - til dei beste opplevelsane i livet. Det går i bølgedalar heile tida, og ein kjenner at ein lever. Eg trur eg aldri har hatt det så gøy, eller så kjipt som eg hadde det på fhs. Følelsane blir so innmari intense, ein lev i eit vakuum der verda kun dreia seg om det so skjer på skulen og på internata. Det e ei boble. MEN, gud for ei boble.
So byrjar dagane å lakke mot vår, og ein skal forberede seg på å reise frå skulen. Hah. Det går igrunn ikkje an å bli beredt på det! Grining og lovnadar, tårer, snørr, latter, lettelse, sorg.. Det e intense greier. Og i dagane so kjem føler ein seg einsam. So voldsomt og. Ein er vand med å ha folk bak kvar einaste dør og dele stue med 7 andre. Plutselig sit ein der, i eit vanvittig tomrom. Det kjem seg etterkvart.

Det beste e at når vi møtest den dag i dag, so e det nett so i gamle dage. Skravla går STRAKS, og latteren sit like laust som den gjorde for fire år sia. Sjølv om vi ikkje møtast/pratast ofte, so er det like lett som det var før. Det e godt å vete. Det e folk som e gode å ha.

Poenget mitt (før eg rota meg nedover MemoryLane) e at ved å gå på folkehøgskule so lære ein nye folk å kjenne. Men mest av alt lære ein seg sjølv å kjenne. Ein må ta valg. Kor ein høyrer heime. Kven ein trivast best med. Slike ting. Viktige ting som er kjekke å vete når ein skal ut i verda og bli klok student. Vel.. Akkurat det har eg ikkje fått til endå, men eg har fortsatt 8 måneda å gjere det på.

Nettopp. FHS e bra! Den beste e sjølvsagt Karmøy. Gunnar bør opplevast.
Berre eit tips.....

2 kommentarer:

Trude sa...

oooh, det her e jo fristande. men korleis få tid til alt? og ikkje pådra seg inni helvetes stor gjeld?
forresten, headingen din; FØL?

Katrin sa...

Eg var på jobb og spelte bokstavleik med ein av bebuarane. Då blei det berre litt leik med bokstavar, og eg syns den var fin. Litt sånn Robbie Williams aktig ikkje sant!