fredag 17. oktober 2008

Nydelege Oslo-haust



Igrunn so har eg funne ut at eg e lei av Oslo. Ditta måtte eg revurdere her om dagen, då eg gjekk ein tur på Bygdøy. Fantastiske fargar og knasande løv - då e det ikkje so verst her likevel..

Faktisk so inspirerande at eg laga meg ein blogg om det. Det ekje verst. Planen e vel igrunn ikkje at det skal handle om kor fantastisk hausten i Oslo e, men det va no berre det eg følte for å dele no.

Idag er det fredag. Helg. Kan ikkje huske sist eg hadde helgekjensla, har jobba stort sett kvar helg i det siste, so no sit eg og kjenne på det her. Det kjennes godt! Ingen plana, ikkje noke stress. YES. Sånn teoretisk sett har eg hundretusen masterrelaterte ting eg kunne gjort. Men eg skakje gjer det. For eg skal berre ha helg.

2 kommentarer:

Annette sa...

Det var vakre Oslo-bilder du har lagt ut her. Oslo er rett og slett ikkje så verst. Du treng ikkje reise langt for å finne eit litt landleg og heimleg område!

Ha ei fortsatt god frihelg! Du har endå 9 heile timar til søndagen blir mandag.

Katrin sa...

So sant so sant. Litt lett å gløyme her på Alexander Asfaltsplass, men det ekje mange meterane te skog og natur. Heldigvis!