mandag 27. oktober 2008

Fine folk. Nummer 1; KINE


Ditta e Kine. Fantastiske, festlige, herlige, syngande, snille, gode Kine. Ho har vore min næraste kompanjong i mange år no.
Vi blei først kjende i barnehagen. Men det var først i ungdomsskulealder at vi virkelig blei close. Vi har hatt so innigranskauen mykje moro ilag. Høgdepunkta og dei gode historiane står i kø. Då vi var yngre var det jentekveldar, med nachos og is (som vi åt rett frå boksen, neddynka i smilsaus) og filmar som Den Siste Festen, og TI TING JEG HATER VED DEG. Det var ein højdare. So begynte vi å ta oss ei øl i ny og ne. Spelkveldar med heile gjengen, der vi lo oss i hel over Andre sine fortellingar om marsvin og andre vittige ting.
Turar på Stavang har alltid blitt suksess når Kine har vore med. Anten det var berre oss to eller ein heil gjeng, latteren ligg laust i lufta. Tasle sneik i buskene, og naboane skreik i badestampen. Fantastiske minner.
Kine har og starta verdens beste juletradisjon. No gler eg meg like mykje til førstejuledagsfest der som til julafta. Heile gjengen samla med godt humør og rikeleg med alkohol, popquiz frå Sten, og Klakfinnane - det blir ikkje beire.
Sydenturen med Kine, Connie og Sten. Fantastisk. Brannalarmen gjekk og eg trudde det var eg og Kine som hadde starta den. Då går ein sjølvsagt i sikringsskåpet og skrur av all straum. Frukostar med mogenspålegg (banan og sjokoladepålegg) endelause timar på stranda der vi spela Ultimate Mogens (vidareutvikling av Idiot), show frå Trixie and The Kid. Aah.... Turen til Trondheim i fjor for å besøke Kine og Fimmi. Finfin helg. Firkløveret i London, maks moro i dyreparken og gutane sin drøm om Gentlemans Club.
Det er så mange minner, historiar, eg kunne skreve side opp og side ned om det. Bottom Line is; eg stortrivast ilag med Kine.

Eg og Kine har aldri studert i same by. Det ve sei at vi hakje budd på same plass på seks år. Likevel e vi like nære som før, sjøl om vi sjelden ser kvarandre og har kvart vårt liv på kvar vår kant. Eg veit at eg og Kine alltid kjem til å vere bestisa. Simastuen forever.

3 kommentarer:

Hanna sa...

Wow. Det er altså ikkje berre meg og lillebroren min som hadde ein forkjærlighet for Ten Things I hate about you. Alt ein kan lære om folk ved å lese blogg... :)

Og ja, Kine er veldig hyggelig :)

Katrin sa...

Haha, det e jo en fantastisk bra film. Var jo forelska i Heath i mange år. Trur eg e det litt endå.. so trist at han e død...

Hanna sa...

Ja, eg veit. Såg den igjen i sommar (med lillebror) og må sei at den har holdt seg. Sånn ca. Var ganske trist å sjå han i den :(